Boreal faar lov aa segle igjen
GÅR TORSDAG: Hurtigbåtane Kalvøy (t.v.) og Valderøy frå Boreal låg til kai i Ålesund onsdag, men skal gå frå torsdag. 
Nytt

Boreal får lov å segle igjen

Ferjene og hurtigbåtane til reiarlaget blei lagt til kai fordi dei hadde droppa risikovurdering. 

16.12.2020
(NPK-NTB-NETT.NO): Seint onsdag opplyser Sjøfartsdirektoratet i ei at dei godkjenner handlingsplanen til Boreal. Det gjer at reiarlaget sine kring 40 fartøy som blei lagt til kai onsdag, kan segle frå torsdag morgon.
Alle ferjer og hurtigbåtar i reiarlaget fekk onsdag seglingsnekt etter ein revisjon onsdag.
Sjøfartsdirektoratet forklarte at årsaka var at Boreal droppa å utføre risikovurdering. Ved fleire hendingar lét selskapet vere å krevje skade- eller havaritilsyn slik at direktoratet kunne vurdere om det var sikkert å segle, skriv direktoratet i ei
– Reiarlaget har ikkje internt følgt opp og risikovurdert teknisk svikt i utstyr som leidde til hendinga, opplyste direktoratet.
Dei skriv òg at reiarlaget ikkje har følgt opp pålegg og førespurnader frå Sjøfartsdirektoratet. Ei rekkje hendingar vart ikkje rapporterte inn, noko som er påkravd av tryggingsomsyn.

Problem for reisande

På Nordvestlandet har Boreal hurtigbåtrutene Ålesund - Valderøya - Nordøyane, Hareid - Valderøya - Ålesund og Langevåg - Ålesund.
NETT NO kjenner til at det ga store utfordringar for reisande, at avgangar blei kansellert onsdag kveld.
Reiarlaget beklagar ulempane i ei på sine heimesider, og opplyser at båtane blir sett i trafikk frå torsdag.

Fakta om Sjøfartsdirektoratets revisjon av reiarlaget Boreal


Sjøfartsdirektoratets oppsummering av revisjonsfunn ved minst fem alvorlege hendingar i reiarlaget Boreal:
  • At dei ved fleire hendingar ikkje har kravd skade/havaritilsyn slik at Sjøfartsdirektoratet kan vurdere om det er sikkert å segle. Dei har med det operert fartøya utan gyldig sertifikat.
  • At dei ikkje har utført risikovurdering etter at skaden/hendingane hadde skjedd.
  • At reiarlaget ikkje internt har følgt opp og risikovurdert teknisk svikt i utstyr som leidde til hending.
  • Reiarlaget har ikkje følgt opp pålegg og førespurnader frå Sjøfartsdirektoratet.
  • Ikkje har rapportert fleire hendingar til Sjøfartsdirektoratet som er påkravd av tryggingsomsyn.

Publisert: 16.12.2020 23:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09