Bourbon opptur i Senegal
SENEGAL: Oppdrag i Senegal for Bourbon Sapphire. Den åtte år gamle PSV-en opererer no i spoten i Nordsjøen.
Nytt

Bourbon-opptur i Senegal

To båtar går ut av opplag og ein ut av spot i Nordsjøen etter at Bourbon Offshore har fått kontraktar i Senegal.

27.12.2016
Bourbon-leiinga vil ikkje kommentere dette, men etter det NETT NO kjenner til har alle dei tre skipa Bourbon Topaz, Bourbon Clear og Bourbon Sapphire fått kontraktar med Cairn Energy.
Ifølgje har Cairn Energy bestemt seg for å bore to tilknytningsbrønnar på oljefeltetet SNE utanfor Senegal.
Boreskipet Stena Drillmax mobiliserer no for dette oppdraget i Las Palmas.

Stort oljefunn

Cairn Energy er operatør på feltet, med 40 prosent eigarskap, medan dei andre selskapa er ConocoPhilips (35 prosent), Far Limited (15 %) og det nasjonale senegalske oljeselskapet Petrosen med 10 prosent.
Cairn Energy har vore aktive i Senegal sidan 2013, og bora to brønnar i 2014, der det vart oljefunn i begge. Oljefunnet i brønnen SNE-1 var det største internasjonale oljefunnet i 2014.

På plass i Dakar

Det nye boreprogrammet skal starte i løpet av første kvartal, og ifølgje Marinetraffic.com er Bourbon-skipet Bourbon Topaz allereie på plass i Dakar i Senegal.
Adm. dir. Bjørn-Idar Remøy i Bourbon Offshore Norway har tidlegare stadfesta til NETT NO at Bourbon Topaz vert tatt ut av opplag etter at skipet har fått kontrakt, eit godt stykke vekke frå Nordsjøen.
Bourbon Topaz var også med på begge dei to tidlegare kampanjene til Cairn Energy i Senegal.

Les her:


No er det klart at oppdraget er i Senegal.

Ut av spansk opplag

Etter det NETT NO kjenner til er også Bourbon Clear klar til å gå til Senegal. Dette skipet har lege i opplag i spanske Vigo.
Også Bourbon Sapphire skal vere med på oppdraget. Sapphire er no på spotoppdrag i den sørlege delen av Nordsjøen, vest for Esbjerg.
Før avreise til Senegal, var Bourbon Topaz først innom Myklebust Verft i Gursken for kargjering til oppdraget, før turen fortsette til Aberdeen for å ta om bord utstyr.
Båten har norske offiserar, men ellers utanlandsk mannskap.

To faste brønnar

Oppdraget for dei tre skipa har Bourbon Offshore Norway fått gjennom det Marseilles-baserte morselskapet.
Kontrakten for boreskipet Stena Drillmax er boring av to faste brønnar, pluss opsjonar.
Etter det NETT NO kjenner til, har dei tre Bourbon-skipa tilsvarandre kontraktar.

Publisert: 27.12.2016 13:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05