Broennbaatkontrakt til Kongsberg
45 MILLIONAR: Kontrakten om å teikne og utruste ein ny brønnbåt for Sølvtrans har ein verdi på omlag 45 millionar kroner for Kongsberg Maritime.
Nytt

Brønnbåtkontrakt til Kongsberg

Skal teikne og utruste Sølvtrans-båt nummer tre hos Myklebust Verft.

23.09.2020
Frå før har Kongsberg Maritime oppdraget med å teikne og utruste to av ein serie på tre brønnbåtar som Myklebust Verft byggjer for brønnbåtreiarlaget Sølvtrans.
No er også kontrakten på det tredje fartyet i boks.
Verftet og Sølvtrans offentlegjorde byggekontrakten i sommar. Lastekapasiteten er på 4000 kubikkmeter.

I tillegg til designet skal Kongsberg Maritime levere ein utstyrspakke med framdriftssystem, thrustarar, vinsjar og elektro- og automasjonssystem. Kontrakten har ein verdi på omlag 45 millionar kroner for Kongsberg Maritime, i følgje ei pressemelding.
– Vi er opptatt av høg kvalitet både når det gjeld skip og fiskehandtering. Bygginga og realisering av desse fartøya er dessutan nok ei prosjekt som bidrar til å vise styrken som ligg i næringsklynga på Nordvestlandet, seier administrerande direktør Roger Halsebakk i Sølvtrans i pressemeldinga.
- Det er også flere andre mindre leverandørar involvert i desse innovative fartøya, og saman viser vi korleis den maritime klynga samarbeider på sitt beste, seier Monrad Hide, salssjef for fisk og spesialfartøy i Kongsberg Maritime i pressemeldinga.

Publisert: 23.09.2020 10:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03