Rogne
SILD: Rogne er på veg frå Tromsøflaket til Pelagia Måløy med 1.100 tonn NVG-sild til konsum. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Bra på silda – svart på makrellen

Godt fiske av NVG-sild, men båtane som har att makrellkvote slit.

21.10.2022

Mange av ringnotbåtane som er ferdige med sin makrellkvote, har siste dagane tatt gode fangstar med NVG-sild.

Mykje av fisket foregår på Tromsøflaket, og det er gode prisar på silda både til oppmåling og konsum.

Fram til klokka 11 fredag var det innmeldt 12 fangstar, på totalt 4.215 tonn. Siste innnmeldte fangsten er det Herøy-båten Kings Bay som har, med 1.200 tonn. Kvar fangsten skal leverast er ikkje klart enno.

Torsdag vart det innmeldt 12 fangstar på totalt 7.580 tonn.

Lange distansar
Største fangstane torsdag hadde Herøy-båtane Smaragd og Rogne. Medan dei fleste fangstane med NVG-sild har vorte leverte nordpå, går Smaragd heilt syd til Tripleline Vedde med sine 1.270 tonn, som skal malast opp.

Rogne er på si side på veg heilt syd til Pelagia Måløy med 1.100 tonn sild, som går til konsum.

Totalt er det no fiska 231.000 tonn av ei samla norsk kvote på 442.000 tonn NVG-sild.

Leverer småslumpar
På makrellen går det derimot mykje verre for dei som har att av kvoten.

Sildelaget opplyser at det finst makrell i britisk sektor, men der får ikkje norske fartøy fiske på grunn av manglande fiskeriavtale.

Ei rekke båtar jaktar etter makrellen, men så langt har det vorte berre småslumpar siste dagane.

Torsdag melde blant anna Teigenes inn 45 tonn, Christina E 32 tonn og Strand Senior 40 tonn.

Alle tre leverer ved Global Florø, men på tankane har dei også med seg litt nordsjøsild, 55 tonn på Teigenes, 28 tonn på Christina E og 20 tonn på Strand Senior.

Publisert: 21.10.2022 10:03

Sist oppdatert: 21.10.2022 10:55

Mer om