Litt betring for Hasund Mek Verksted 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
HASUND: Vegard Hasund (t.v.) overtok i 2011 som dagleg leiar etter onkelen Øyvind Hasund og driv familieeigde Hasund Mek. Verksted. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Bra år for lite verft

Ulstein-selskap med beste resultat sidan 2008.

21.03.2022

Hasund Mek. Verksted omsette i 2021 for 8,9 millionar kroner. Det var 2,1 millionar betre enn året før.

Resultatet før skatt enda på 1,2 millionar kroner, som er det beste resultatet sidan 2008.

Det viser årstala for selskapet.

Hasund Mek. Verksted
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 8,9 6,8
Driftsresultat 1,2 0,3
Resultat før skatt 1,2 0,3

Overtok etter onkelen
Hasund Mek. Verksted har fire faste årsverk, og vert leia av Vegard Hasund. Han overtok i 2011 etter onkelen Øyvind Hasund.

Selskapet er no ein utstyrsprodusent, og tek på seg oppdrag både i stål og aluminium, men i perioden 1964 til 1982 vart det levert 27 skipsskrog frå verftet som ligg på Hasund i Ulstein.

Vegard Hasund eig 66,6 prosent av selskapet, delvis åleine, delvis saman med familien. Øyvin Hasund eig 33,3 prosent.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 5,4 millionar kroner, og i praksis ikkje langsiktig gjeld.

Publisert: 21.03.2022 11:52

Sist oppdatert: 21.03.2022 11:52

Mer om