Brakar laust etter tre års venting
Storinnrykk av selskap frå nordvest på årets Nor-Shipping. I dag brakar det laust.
Når fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i dag opnar Nor-Shipping 2022 i Lillestrøm, er det etter tre år med venting. Korona sette stoppar for 2021-utgåva, og årets store messe skulle eigentleg arrangerast i januar, men vart utsett på ny.
Det er dermed ekstra stor spenning til Nor-Shipping 2022, der grøn skipsfart og berekraftig havøkonomi står høgt på agendaen.
– Norge er ein betydelig maritim nasjon og leier an i overgangen til grøn skipsfart. Eg ser fram til å møte framoverlente bedrifter og kunnskapsmiljø under årets Nor-Shipping, seier Skjæran i ei pressemelding.
Mange frå nordvest
Der kan han møte også mange bedrifter som har tyngdepunktet på Nordvestlandet. 47 bedrifter frå Nordvestlandet stiller med eige stand (sjå oversikt nederst). Nokre er gjengangarar, nokre er med for første gong.
Der skal dei kjempe om merksemda med utstillarar frå 33 land. I tillegg har fleire land eigne utstillarpaviljongar, som Tyrkia, Danmark, Tyskland, Spania, USA, Storbritannia, Japan og Nederland.
Her er heile lista over utstillarar
Årets Nor-Shipping er det første store internasjonale arrangementet for havvindindustrien sidan pandemien starta.
- Viktigaste nokon gong
Direktør Sidsel Norvik for Nor-Shipping seier i ei pressemelding at Nor-Shipping utgjer ei sårt tiltrengt plattform der aktørar kan møtast, dele kunnskap og byggje partnerskap for å kunne takle både mulegheitene og utfordringane som ventar i horisonten.
– Eg ser stort fram til å ønske verda velkomen til det eg trur kjem til å bli det viktigaste Nor-Shipping-arrangementet som er avvikla nokon gong, swier Norvik.
Kunnskapsdeling står sentralt i Nor-Shipping. Ballet vert sparka i gang med opningskonferansen Ocean Leadership Conference der tidlegere statsminister og generalsekretær i NATO, Anders Fogh Rasmussen deltar, blant anna saman med Kitack Lim, generalsekretær IMO, Kjerstin Braathen, administrerende direktør DNB og Håkan Agnevall, administrerende direktør Wärtsilä Corporation.
Les også
Desse stiller med eigne stand:
ABB
Ålesund Maritime
Aukra Maritime
Båtbygg
Brødrene Aa
Brunvoll
Cflow Fish Handling
Dimo
Ekornes
Eltorque
Entec Group
Finnøy Gear & Propell
Fiskerstrand Verft
Furuno Norge
Glamox
Havyard Leirvik
Hexagon Purus Maritime
IP Huse
Jets Vacuum
Kongsberg
Libra-Plast
Mare Safety
Marin Teknikk
Metizoft
Nogva
Norwegian Greentech
Norwegian Hydrogen
Plany
Seaonics
Servi Group
Shipmed
Solstrand Verft
Sperre Air Power
Stadt
Stadyard
Stordal Møbel
Tess
Ulmatec Handling System
Ulmatec
Ulmatec Services
Ulmatec Skipsservice
Ulstein group
Uptime International
Vard Group
Ventiq
Waavefoil
Wenaas Workwear
Publisert: 04.04.2022 05:00
Sist oppdatert: 03.04.2022 10:39