Terrengbrannen som ved Sukkertoppen i Ålesund er framleis ikkje under kontroll. Det er lite spreiingsfare – men uro for at brannen kan ta seg opp att.
Det kom fram under ein pressebrief onsdag føremiddag.
Brannen som har råka eit større område tysdag og natt til onsdag, har ført til eit dramatisk døgn for lokalbefolkninga på Hessa yst i Ålesund. Nær 300 personar er framleis evakuert, men verken personar eller bygg er kome til skade, var status frå politiet på pressebriefen.
Siste nytt om brannen frå Ålesund kommune (ekstern lenke)
– Har aldri vore i eit slikt drama
Dagleg leiar Kjetil Aarseth ved Atlanterhavsparken var mellom dei som fekk oppleve brannen på nært hald då den rasa tysdag kveld.
På Facebook fortel han korleis han på eit tidspunkt trudde dei måtte gi opp kampen mot flammane – og at anlegget ville gå tapt.
– Så eit eventyrleg augeblikk der sammenfall mellom innsats frå oss, brannvesenet og ei vindsnue ga oss ein ny sjanse, skriv han i innlegget som Nett No har fått løyve til å dele frå.
– Vi har aldri vore i eit slikt drama før, legg han til og takkar mellom anna innsatsen til brannvesenet.

Ekstra vakthald gjennom natta
Det er ikkje kome meldingar om at brannen har gitt større konsekvensar for bedriftene i området.
I Skarbøvika driv Epax Norway produksjon av høgkonsentrert fiskeolje, mellom anna til omega 3-tilskot.
Produksjonen går natt og dag. Det har den også gjort medan brannen har pågått, fortel dagleg leiar Bjørn Refsum til Nett No.
– Vi iverksette industrivernet og hadde vakthold gjennom natta. Beredskapen har vore på topp, men heldigvis har alt gått greit og produksjonen gått som planlagt, seier han.
Bedrifta har kring 80 faste tilsette – og det er til ein kvar tid kring 100 personar inne på anlegget.
Nokre steinkast lengre ut på Hessa ligg drivstoffanlegget til Bunker Oil. Heller ikkje her fekk brannen konsekvensar for drifta.
Maren Kleven Fox fortel at dei har hatt ekstra beredskap gjennom natta og dialog med politiet – men jobba som vanleg elles.

Frykter at brannen kan blusse opp att
Stabssjef Tony Gjerde hos politiet i Ålesund rosa mannskapane som har vore ute og kjempa mot brannen sidan tysdag ettermiddag.
– Det har vore ein utruleg innsats, sa han under pressebriefen.
Brannsjef Sindre Egenes i Ålesund understreka at det framleis er ein risiko for at brannen kan blusse opp att.
Han antok at det ville gå fleire dagar før dei kunne fastslå at brannen var sløkt og faren for ein ny brann var over.
Egenes var uroa for meldingane om meir vind og sol utover onsdagen, noko han omtala som det verst tenkelege scenarioet.
Publisert: 18.03.2026 12:30
Sist oppdatert: 18.03.2026 18:57






