Christian Halstensen Fiskebatarsmotet 2026 foto Ogne
KRITIKK: Styreleiar Christian Halstensen seier det er ein utbredt frustrasjon i fiskerinæringa over utviklinga i Fiskeridirektoraret. Tysdag retta han sterk kritikk mot direktoratet i talen sin til årsmøtet i Fiskebåt. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Breiside mot Fiskeridirektorartet

Direktoratet har blitt utilgjengleg og ineffektivt og omstillingane har latt eit solid fagmiljø forvitre, seier styreleiaren i Fiskebåt.

10.02.2026

Styreleiar Christian Halstensen i Fiskebåt kom med ei kraftig breiside mot Fiskeridirektoratet i talen sin under opninga av Fiskebåt sitt årsmøte i dag.

Fiskeridirektoratet er eit direktorat under Nærings- og fiskeridepartementet, med hovudkontor i Bergen. Direktoratet har ansvaret for saksbehandling av konkrete saker, frå kven som har rett til å vere godkjent som fiskar, kven som har rett til å delta i ulike deler av fisket - til kvar det skal vere lov å drive fiskeoppdrett.

No har direktoratet blitt eit problem, ifølgje Halstensen.

Mislukka omorganisering
Problemet, slik Halstensen forklarte det i talen, starta med ei omorganisering av Fiskeridirektoratet.

«Det er mitt bestemte inntrykk at disse prosessane har mislukkast i å forvalte fagmiljøet i Bergen på ein god måte. Omstilling og prosessar gir alltid rom for politiske opportunistar. Då stig regionalpopulismen inn på arenaen i all sin smålege prakt. Det er distriktspolitikkens mørke, triste bakside, når det er viktigare kvar noko er enn at det funkar. Akkurat det skal Fiskebåt la ligge. Det vi skal bekymre oss over, er at Direktoratet har blitt både utilgjengeleg og ineffektivt, og at omstillingane har latt eit solid fagmiljø forvitre», sa han i talen.

Pessimistisk
Halstensen retta spesiell kritikk mot korleis Fiskeridirektoratet praktiserer reglane om kven som har rett til å bli rekna som fiskar, og stå det såkalla fiskarmantalet.

«Eg trur aldri fiskarmanntallet har vore  administrert ut fra ein meir statisk, reaksjonær og gamaldags fiskardefinisjon enn det er no. Direktoratet opererer med eit fiskarbegrep som er i utakt med samfunnsutviklinga, som er kontraproduktivt, og som forvalter dårleg dei formål som fiskerilovgivninga ønskjer å nå. Det er ei utvikling som passar ein moderne og innovasjonsrett havfiskeflåte dårleg. Fiskeridirektoratet har gjort Fiskarmanntallet til eit nålauge, og havfiskaren har blitt ein kamel», sa han i talen.

Halstensen er også pessimistisk med omsyn til at Fiskeridirektoratet skal endre seg til det betre, slik han ser det: 

«Eg håpar direktoratet klarer å ta vare på suksessfaktorane, ta vare på det gode samarbeidet med næringa, ta vare på alle dei flinke menneska, og at dei på ein god måte klarer å forvalte den faglege og relasjonelle kompetansen som har prega Fiskeridirektoratet i Bergen i over 125 år. Eg håpar, men det ser faktisk ikkje så bra ut». 

Publisert: 10.02.2026 10:17

Sist oppdatert: 10.02.2026 12:18

Mer om