NPK. – Målet vårt er å redde liv, fortel far og son Audun og Ronny Bakke i Bremanger-selskapet Dimeq til nettstaden Gemini.
Dei har begge jobba til sjøs og har eit personlege engasjement for tryggleik. No har dei utvikla systemet D-oris; ein tryggingsalarm for aleinefiskarar.
Systemet verkar ved at armbandet automatisk blir aktivert ved fall over bord. Det set i gang lokal varsling på båten med lysblink og lydsignal og sender signal til styringseininga i styrhuset som stoppar motoren. I tillegg blir det sendt nød- og varslingssignal via VHF DSC til Telenor Kystradio og nærliggjande fartøy.
Bak nyvinninga ligg det mykje testing og justeringar og eit tett samarbeid med forskarar ved Sintef. I desse dagar blir erfaringar frå testane til Sintef frå vinteren 2025 brukt til å gjere dei siste justeringane slik at dei kan få dei siste godkjenningane på plass, skriv Gemini:
– Det er stor interesse for løysinga, og vi jobbar vidare med ferdigstilling og godkjenningar, så vi kan bidra til ein tryggare kvardag for tusenvis av fiskarar langs kysten vår, seier Audun Bakke til nettstaden.
Publisert: 21.01.2026 10:39
Sist oppdatert: 21.01.2026 10:39






