Bremsene paa i frykt for ny koronaboelgje
PRESSEKONFERANSE: Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) stiller på pressekonferanse fredag klokka 14. Sjå den via lenka under.
Nytt

Bremsene på i frykt for ny koronabølgje

Sjekk kva for tiltak som kjem og følg pressekonferanse med helseministeren. 

07.08.2020
(ekstern lenke)
(NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo og Fredrik Moen Gabrielsen): Dei siste dagane har talet på nye smitteutbrot auka kraftig i Noreg, noko som truleg fører til at lettar og meir opning av samfunnet blir skove ut i tid.
Både i Noreg og Europa elles går smittetala no i feil retning. Etter ein roleg sommar har mange nordmenn no vorte smitta av koronavirus på ferie med Hurtigruten, i festlege lag eller på utanlandsreiser.
Dei siste to dagane er auken i talet på registrerte smitta her til lands på 106 tilfelle.
– Vi må bremse opp no, for å halde på kontrollen på koronaviruset, skriv statsminister Erna Solberg (H) på Facebook.
– Det er nok litt for låge skuldrer og litt for mange som tenkjer at dette går bra, seier statsministeren.

Munnbind og reiser

Detaljane kring kva tiltak og restriksjonar som kjem, blir kjende på ein pressekonferanse med helseminister Bent Høie (H) klokka 14 fredag. Solberg er sjølv på reise i Nord-Noreg, men saka vart behandla i regjeringa torsdag.
Det siste døgnet har Helsedirektoratet og Helse- og omsorgsdepartementet jobba på spreng med detaljane i dei nye tiltaka:
  • Høie seier det kan kome ei tilråding om bruk av munnbind, men at det ikkje er aktuelt med eit generelt påbod no, ifølgje NRK.
  • Opning for reiser til tredjeland utanfor EU kan bli sett på vent.
  • Planen om å opne for fleire enn 200 menneske på arrangement kan bli sett på vent.

Samtidig har ikkje Solberg lagt skjul på at ho er skuffa over smitteutbrotet på Hurtigruten, og peika på at det set delar av reiselivsnæringa tilbake.
Statsministeren har understreka at det viktigaste er omsynet til liv og helse, barn og unge og arbeidsplassar.

Munnbind-diskusjon

Debatten om bruk av munnbind går høgt, men i Oslo sentrum var det ikkje mange som gjekk med ansiktet delvis tildekt fredag. Éin av dei som gjorde det, var Wenche Kristine Hansen (54). Ho synest det er rart at ikkje fleire brukar munnbind.
– Eg synest eigentleg det burde bli påbode. Eg meiner vi opna grensene altfor tidleg. Viss ein skal få bukt med dette her, så er det einaste ein kan gjere å isolere den staden som har fått smitte og ikkje spreie det rundt i heile verda, seier ho til NTB.
Dei siste dagane har fleire apotek meldt om stor pågang frå folk som vil sikre seg munnbind. Apotekforeininga gjekk på si side ut torsdag og sa at det ikkje er nokon grunn til å hamstre, og at alle hovudgrossistane for tida har store lager av munnbind.
Høie seier Folkehelseinstituttet jobbar med å gi tilrådingar om det er situasjonar i Noreg der det kan vere aktuelt å tilrå munnbind. Han understrekar samtidig at bruk av munnbind ikkje kan erstatte tiltaket om å halde minst éin meters avstand til kvarandre.
Solberg har varsla ei ny vurdering av eksisterande og eventuelt nye tiltak basert på korleis smittesituasjonen er første veka i september.
(©NPK)
(ekstern lenke)
Det er nok litt for låge skuldrer og litt for mange som tenkjer at dette går bra

Publisert: 07.08.2020 13:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00