Brenn for brenneri
18 SLAG: I dag har Jann Vestby (biletet) og Synnøve Vik Bergstad 18 ulike produkt i sortimentet til Gardsbrenneriet, basert på eple, plommer, solbær, morellar og bringebær. 
Nytt

Brenn for brenneri

Kjemiutdanninga til Synnøve Vik Bergstad og Jann Vestby skulle vere springbrettet inn i spennande karrierer og jobbar i Oslo. I staden blei det brenneri i Gloppen. 

04.01.2020
Etter kjemiutdanninga på NTNU flytta paret til Oslo og starta som dei hadde tenkt, han i legemiddelindustrien, ho i Lilleborg.
Men på feriebesøk på garden heime hos hennar foreldre like ved Sandane i Gloppen, spøkte dei med at det var der dei skulle budd, og laga sider av alle epla.
Etterkvart vart spøken til alvor.
- I 2009 spurde svigerfar om vi skulle ta over, seier Jann Vestby.
Bylivet var ikkje så spennande som dei hadde tenkt, og dermed blei det flytting. Han fekk ta med seg jobben og ho fekk jobb i Førde. Dermed hadde dei eit økonomisk fundament på plass frå første dag, og sette i gang.

Første flaska i 2012

Drikkevarer frå garden blei det imidlertid først i 2012, planlegging og byråkrati tok si tid, og dei første inntektene å snakke om – 309.000 kroner – kom først i 2014-reknskapen.
Etterpå har det berre gått oppover. I 2018 passerte Gardsbrenneriet 2,2 millionar kroner i driftsinntekter og i 2019 reknar Vestby med at dei passerer 3,5 millionar kroner.
Her lagar dei alkoholfri eplemost, sider (fruktvin) og ulike brennevinstypar.
- Dei siste åra har det dukka opp fleire nye brenneri, seier produktsjef Idar Sørensen i Vinmonopolet. Han har ansvaret for brennevin, sider og øl - kort sagt alt som ikkje er vin.
Først kom ølbølgja, der det dukka opp små bryggeri på rekke og rad også i Nordfjord og på Sunnmøre (sjå tabell).
Av alle som starta har Grim & Gryt på Hareid gått konkurs og Enerhaug Micro lagt ned, elles er alle med. Og ølbølgja er ikkje over sjølv om det gjekk trått i 2017/2018.
Bryggeriforeningen rapporterer om ein vekst for dei mindre bryggeria på fire prosent så langt i år, og ølsalet på Vinmonopolet auka med om lag 7,5 prosent i første halvår.
Etter ølbølgja kom siderbølgja. Sider er ein tidlegare bortgøymt kategori på Vinmonopolet som no er ein av dei raskast veksande kategoriane. I fjor auka sidersalet på Vinmonopolet med 44 prosent og i år ligg det an til ein vekst på over 15 prosent. Dette er ein marknad der norske produsentar – Gardsbrenneriet blant dei - har forsynt seg med mesteparten av veksten.
Vinmonopolet selde sider for 36 millionar kroner i fjor, og 27,5 av dei millionane kom frå sal av norskprodusert sider.

Småskala brennevin på veg opp

No er brennevin frå små produsentar det neste.
Det er alt ein internasjonal trend, og det gjer Sørensen trygg på at han vil skyte fart også her til lands.
Som kjemikarar kan Vik Bergstad/Vestby det som skal til for å destillere eple og anna frukt om til likørar og anna brennevin. Men den kunnskapen er ikkje nok. Hadde det vore for 20 år sidan kunne dei sikkert fått etablert eit produksjonsanlegg, men langt mindre sikkert er at dei ville blitt lagt merke til, etter Vestby si vurdering.
Det blir dei no, og populariteten til lokalt produsert mat og drikke gir dei drahjelp, sjølv om varene kostar meir enn storprodusentane tek for sine produkt.
- Det er det som har gjort at folk kan vere villige til å betale den ekstraprisen, trur eg, seier Vestby.

Lokalmatgevinst

Heilt frå starten har Gardsbrenneriet hatt eit god samarbeid med Gloppen Hotel der kjøkkensjef Bodil Fjellestad Eikrem står i spissen for satsinga på lokal mat og drikke. Ho har alt frå Gardsbrenneriet.
- Det skulle berre mangle. Vi får meir historie å fortelje, seier ho. Lokalmattrenden gjer det råd å hente ut ein forteneste også frå dyrare råvarer.
Då Fjellestad Eikrem byrja på hotellet vart hjort frå New Zealand skifta ut med hjort frå Gloppen. Mest mogleg av maten er kortreist og det sette kundane pris på.
- Det første året vi gjorde om menyen vår auka matvareomsetninga med ein million kroner i året, seier Fjellestad Eikrem.
I eit eige bygg på baksida av hotellet står lærling Wiktor Bazynsky og parterer ein hjort. Bygget vart reist i 2011 som ein konsekvens av den positive responsen på lokalmatsatsinga. Her kan jegerar levere fangsten og hotellet kan sikre seg at den blir behandla og lagra slik den skal før den kjem på tallerkenen i restauranten.

Produktutvikling skaper etterspørsel

På Gardsbrenneriet blir det i dag laga 18 ulike produkt. Eple frå eigen gard og nabogardar er den viktigaste råvara, men og plommer, solbær, morellar og bringebær blir brukte.
No er dei i gang med byggetrinn to på produksjons- og lagerbygget, ei utviding til 370 kvadratmeter. Der har dei fått kontorplass og opnar gardsbutikklokale i løpet av hausten 2019. Brennevinsprodukta kan dei ikkje selje, men eigen sider har produsentane hatt lov å selje frå eigen gard sidan 2016, og alkoholfri eplemost er det sjølvsagt ingen restriksjonar på.
Eigen epleproduksjon skal doblast.
Etterspørselen har ikkje vore problemet så langt.
- Vi har heile tida produsert maks, seier Vestby.

Oppussing på vent

I alt 12 millionar er investert så langt anslår han, halvparten finansiert med lån, 25 prosent med eigenkapital og resten tilskot frå Innovasjon Norge.
I 2017 tok Vestby permisjon frå jobben han hadde på ein oljeplattform og sidan har han vore i full jobb på garden og med Gardsbrenneriet. I fjor tilsette dei ein til og det frigjorde tid som Vestby kunne bruke i marknaden og til å utvikle nye produkt.
- Vi skaper etterspørsel ved å lansere nye produkt, seier han.
På lista står både eigen whisky og sprit basert på myse, eit biprodukt i osteproduksjonen.
Vestby rosar og Vinmonopolet.
- Polet er eit utruleg greitt system for alle som ønskjer å produsere, seier han.
Hos Vinmonopolet får små og nye produsentar sjansen til å viser seg fram. Lukkast dei lokalt kan det bli landsdekkande distribusjon. Difor brukar Vestby tid på lokale butikksjefar i Vinmonopolet når han får sjansen. Dei har litt frie hender til å bestemme utvalet i sin butikk, og då vil han helst at dei skal prioritere Gardsbrenneriet.
Ikkje alle som går inn på Vinmonopolet veit kva dei skal ha, og handlar på impuls. Det gjer hylleplass til ein attraktiv reklamekanal, som og er ein av dei få lovlege reklamekanalane som finst.
- Det er veldig viktig å vere i hylla, seier Vestby.
Brennerisatsinga har tatt tid. Synnøve har fulltidsjobb i som laboratorieleiar på meieriet på Byrkjelo.
Då dei flytta heim starta dei og oppussing av huset på garden.
- Det er vi fortsatt ikkje ferdig med, seier Vestby.
Det første året vi gjorde om menyen vår auka matvareomsetninga med ein million kroner i året 

Publisert: 04.01.2020 06:00

Sist oppdatert: 12.11.2023 16:07