NPK/NETT NO: – Ein direkte konsekvens av brexit, seier fiskeriministeren.
Vanlegvis har fiskarane eit «vindauge» på sju veker for å nå kvotane. I år var denne tidsperioden redusert til tre veker, seier Per Røys, fabrikksjef ved Pelagia Kalvåg i Sogn og Fjordane, til NRK Vestland.
Fordi fiskeriforhandlingane mellom Noreg og Storbritannia braut saman i april i år, har det ført til at britiske og norske fiskarar ikkje lenger kan gå inn i sonene til kvarandre.
- Må samarbeide
Det fører mellom anna til at norske fiskarar må hente opp fisk som er tidlegare i livssyklusen, i staden for å kunne følgje han over i britisk farvatn der dei som regel veks seg feitare og kvaliteten er betre.
– Det er dessverre ein direkte konsekvens av brexit. No må fiskeflåten og landindustrien samarbeide, for å få eit best mogleg resultat av denne spesielle situasjonen, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) til NRK.
Godt fiskeri
Ifølgje Sildelaget har det vore jamnt og godt makrellfiske i nord siste veka. Totalt vart det sist veke meldt inn 2.380 tonn.
Fiskeriet har hovudsakleg foregått på begge sider av Lofotodden og mot slutten av veka også eit godt fiskeri rundt Værøy. Siste meldingar herifrå er at det er fisk å sjå, men at han står djupt.
I sør har det vorte innmeldt 76 tonn ferskmakrell siste veka.
Sildelaget opplyser at det er god flyt i dette fiskeriet og etterspørselen etter ferskmakrell er god. Fiskeriet har pågått ifrå Rogaland i sør til Florø i nord.
Publisert: 12.07.2021 13:34
Sist oppdatert: 12.07.2021 14:03