Brexit uro for norske bedrifter
VIL MØTAST OM BREXIT: Fylkesvaraordførar Tove-Lise Torve i Møre og Romsdal.
Nytt

Brexit-uro for norske bedrifter

Vestlandsrådet ber om hastemøte med fleire statsrådar. 

21.12.2020
(NPK): Brexit med eller utan avtale skaper stor usikkerheit hos bedrifter på Vestlandet. Derfor ber no Vestlandsrådet og fylkesordførarane i dei tre vestlandsfylka om eit snarleg møte med fleire ministrar.
Det går fram av ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ministrane som fylkesordførarane i eit brev ber om å møte er næringsministeren, fiskeri- og sjømatministeren og utanriksministeren.

Vestlandet kan bli hardt ramma

I brevet uttrykkjer dei stor bekymring for potensielt dalande investeringsvilje i bedrifter og marknader, som er avhengige av samarbeid på tvers av Nordsjøen. Noreg eksporterte for 219 milliardar kroner til Storbritannia i 2019, av dette kjem rundt 150 milliardar kroner frå olje og gass.
Ein tysk studie omtalt i Financial Times har rekna på konsekvensar av brexit for ulike europeiske regionar. Vestlandet er ein av regionane som vil bli hardast ramma.

Uvisse for fiskeri og offshore

Det er først og fremst bedrifter med transport, aktivitetar og leveransar mellom Noreg og Storbritannia som uttrykkjer bekymringar knytt til brexit. Det er også stor uvisse knytt til behandlingstid for opphaldsløyve til britiske tilsette på norske kontraktar, og om norske offshorefartøy framleis vil kunne operere i britisk sone.
– Dersom det ikkje vert semje mellom Storbritannia, EU og EØS-landa, kan både fiskeflåten, fiskemottaka, fiskeforedling og industrien som leverer utstyr til fiskerisektoren få store utfordringar med å oppretthalde dagens aktivitet, heiter det i .
(©NPK)
Dersom det ikkje vert semje mellom Storbritannia, EU og EØS-landa, kan både fiskeflåten, fiskemottaka, fiskeforedling og industrien som leverer utstyr til fiskerisektoren få store utfordringar med å oppretthalde dagens aktivitet

Publisert: 21.12.2020 09:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09