I løpet av fem år vil produksjonen av epler og plommer doble seg, seier dagleg leiar Henriette Ansok Hatling i Innvik Fruktlager.
Fram til 2014 låg driftsinntektene rundt 30 millionar kroner i året, men då gjorde dei eit hopp opp til 38 millionar kroner (sjå tabell). For bøndene, som leverer bringebær og annan frukt til mottaket, betyr dette ei samla årsinntekt på rundt 28 millionar kroner.
Grunnen til veksten er auka bringebærproduksjon. Sal av bringebær utgjer no omlag halvparten av driftsinntektene for Innvik Fruktlager, som er blitt det største bringbærmottaket i landet.
- Då blei det større avlingar og større frukt, seier Ansok Hatling.
Suksessen fekk fleire til å satse, og oppsvinget i Nordfjord skuldast både at nye bønder er komne til og at etablerte bringebærdyrkarar har utvida. I dag er det 36 bønder som leverer bringebær til mottaket. No er marknaden i ferd med å nå eit metningspunkt trur Ansok Hatling.
- Vi rår ikkje produsentane til å plante meir bringbær no, seier ho.
Det same gjeld for eple. Både for plomme og eple er det planta mykje nytt i Nordfjord, så mykje at Ansok Hatling anslår at produksjonen vil vere dobla innan fem år.
28 millionar til bøndene
Innvik Fruktlager er eit samvirkeforetak som kjøper frukt frå bønder i Nordfjord.Fram til 2014 låg driftsinntektene rundt 30 millionar kroner i året, men då gjorde dei eit hopp opp til 38 millionar kroner (sjå tabell). For bøndene, som leverer bringebær og annan frukt til mottaket, betyr dette ei samla årsinntekt på rundt 28 millionar kroner.
Grunnen til veksten er auka bringebærproduksjon. Sal av bringebær utgjer no omlag halvparten av driftsinntektene for Innvik Fruktlager, som er blitt det største bringbærmottaket i landet.
Boom med ny sort
Oppsvinget for bringebærproduksjonen starta med introduksjonen av bringebærsorten ”Glen Ample ” rundt år 2000.- Då blei det større avlingar og større frukt, seier Ansok Hatling.
Suksessen fekk fleire til å satse, og oppsvinget i Nordfjord skuldast både at nye bønder er komne til og at etablerte bringebærdyrkarar har utvida. I dag er det 36 bønder som leverer bringebær til mottaket. No er marknaden i ferd med å nå eit metningspunkt trur Ansok Hatling.
- Vi rår ikkje produsentane til å plante meir bringbær no, seier ho.
Meir plommer og eple
For plommer, som står for cirka 10 prosent av driftsinntektene, ser Ansok Hatling framleis ein veksande etterspørsel framover.Det same gjeld for eple. Både for plomme og eple er det planta mykje nytt i Nordfjord, så mykje at Ansok Hatling anslår at produksjonen vil vere dobla innan fem år.
Vi rår ikkje produsentane til å plante meir bringbær no
Publisert: 16.11.2016 12:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:03






