Brodosplit eigar inn i Kleven
NY EIGAR: Etter lengre tids forhandlingar blei det måndag klart at Kleven får ny kroatisk eigar. 
Nytt

Brodosplit-eigar inn i Kleven

Kroatisk industrikonsern har inngått avtale om å kjøpe Kleven Verft frå Hurtigruten.

Marius Rosbach
20.01.2020

Industrikonsernet DIV Group blir nye eigarar av Kleven Verft, ifølgje ei pressemelding sent ut måndag.

DIV Group er eit av dei største industrikonserna i Kroatia, og eig mellom anna det største skipsverftet i Kroatia, Brodosplit. Det betyr at Brodosplit og Kleven kan samarbeide om byggeprosjekt.

– Brodosplit er enormt store og erfarne spesielt innan stålarbeid. I ein bransje som slit med lønsemda, kan vi no dra nytte av kvarandre sine styrker, og samarbeide om prosjekt der det er hensiktsmessig. Målet er å bli meir konkurransedyktige, og samstundes kunne bygge med lønsemd, fortel finansdirektør Ola Beinnes Fosse ved Kleven Verft i pressemeldinga.

– Ny og spanande epoke
Klevein-leiinga opplyser at avtalen er forvente å bli gjennomført i løpet av dei neste vekene.

- Eg er utruleg glad på vegne av alle tilsette i Kleven at vi no er i ferd med å få inn ein ny og solid eigar av verftet. Vi har gjennom ein vanskeleg periode klart å levere fantastiske skip, samt behalde den høge kompetansen på verftet. No skal vi saman med nye eigarar tenke langsiktig og utvikle oss vidare. Dette blir ei ny og spanande epoke for alle Kleven-tilsette, uttalar administrerande direktør Kjetil Bollestad.

Verftsdirektøren meiner framtida no ser lysare ut enn på lenge.

Sikra meir arbeid
Kleven Verft skal framleis heite Kleven Verft når DIV Group står som eigar. Verftet kjem også til å halde fram som eit eige selskap, men under DIV Group-paraplyen.

Hurtigruten sitt eigarskap og bankane si forutsigbarheit og støtte, har ifølgje Kleven-leiinga vore heilt avgjerande for at Kleven har kome dit dei er i dag.

Verftet får også betydeleg arbeid med fire ombyggingsprosjekt frå Hurtigruten i 2020 og 2021. Det kjem også arbeid gjennom verftet sin nye eigar DIV Group om kort tid.

Har kapital og nye prosjekt
Finansdirektør Ola Beinnes Fosse peiker på tre grunnar til at DIV Group var rett løysing:

  • Kleven og DIV Group har kompletterande ferdigheiter, som saman legg til rette for ambisjonen om å bli eit verdsleiande og lønnsamt verft.
  • Dei har ein balanse og eigenkapital som gjer det mogeleg å finansiere nye skip.
  • Dei kjem med nye prosjekt om kort tid, og kjem også med arbeidskapital som gjer oss i stand til å bevare den unike kompetansen som er bygd opp dei siste åra.

Tomislav Debeljak, eigar og administrerande direktør i DIV Group, seier han er nøgd med at dei har funne fram til Kleven som partnar. Han trur dei kan spare opptil fem prosent på byggekostnadar gjennom samarbeidet.

Meir om saka: Tilsett på oppseiing håpar å behalde jobben

–Trur at vi kan skaffe fleire gode kontraktar i året som kjem

2018-resultatet: Kleven ser lysning etter tungt fjorår

Startar «nye Kleven» for å sikre framtida


Publisert: 20.01.2020 18:16

Sist oppdatert: 18.11.2023 20:16