Brukar PSV ar i lakseluskampen
INN I LUSEKAMPEN: Rem Fortune har vorte brukt til å frakte ferskvatn til bruk i kampen mot lakselus. No er Rem Arctic på veg til Irland for eit tilsvarande oppdrag.
Nytt

Brukar PSV-ar i lakseluskampen

Kampen mot lakselus gir nye oppdrag for hardt prøva offshorereiarar. – Absolutt interessant, seier Rem Offshore-direktør Åge Remøy.

25.11.2015
Herøy-selskapet har i to veker hatt PSV-en Rem Fortune i arbeid for Marine Harvest. Arbeidet har gått ut på å frakte ferskvatn til ein av Sølvtrans sine brønnbåtar.
Brønnbåten har vore leigd inn for å fjerne lakselus ved eit oppdrettsanlegg i Bessåker i Nord-Trøndelag.
- Rem Fortune tek rundt 1600 kubikkmeter med ferskvatn. Vatnet har vi pumpa om bord i brønnbåten, før vi har gått for å hente ei ny forsyning med ferskvatn.
- For oss har dette vore ein enkel jobb å utføre, seier Remøy.
Arbeidet er no avslutta.
- Vi håpte på meir, men slik vart det ikkje denne gongen.

Til Irland

Eit anna Rem-fartøy, Rem Fortress, er no på veg til Irland for å hjelpe til med den same operasjonen ved eit anlegg der.
- Dette oppdraget kan verte kort, kanskje berre ei veke, seier Remøy.
Han åtvarar mot å tru at dette er oppdrag som vil hjelpe mykje på den vanskelege situasjonen mange offshorereiarlag i dag opplever, med mange skip i opplag og permitteringar og oppseiingar av mannskap.
- Betalinga har ikkje vore god, men det er med på å halde båtane i sving og folket i arbeid.
- Men no går det også mot vinter, og då trur vi at det vert langt mellom slike oppdrag. Mest aktuelt er det nok sommartida, seier Remøy.

- Ein stor fordel

Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk seier at det er ein stor fordel å få ferskvatnet tilført med eksterne båtar.
- På denne måten kan vi ha brønnbåten liggjande fast ved oppdrettsanlegget, i staden for å måtte gå fram og tilbake for å hente ferskvatn.
Han seier at lusebehandlinga normalt tek rundt åtte timar.
- Vi har laksen om bord i brønnbåten, der han sym rundt i ferskvatn. Det meste av lakselusa forsvinn ved denne ferskvassbehandlinga, og lusa vert deretter filtrert frå vatnet.

Ombygging

NETT NO kjenner til at fleire reiarar no vurderer å få bygt om PSV-ar for å brukast i kampen mot lakselusa. Verft skal vere kontakta om mulege ombyggingsoppdrag.
Bakgrunnen er ei forventning om at kampen mot lakselusa vil fortsette. Ei rekkje oppdrettarar har fått beskjed om å slakte ned laks, medan mange andre har fått beskjed om å redusere produksjonen på grunn av for mykje lakselus.
Det siste gjeld også ei rekkje anlegg på Nordvestlandet.

Vi håpte på meir, men slik vart det ikkje denne gongen

Publisert: 25.11.2015 13:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50