Arkwiz Tore Holmem 2
KONTORET: På PIR-bygget i Ålesund har Arkwiz-gründer Tore Holmem kontor. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal
Nytt

Endrar spelereglane for kartvisualisering

Folk ventar seg interaktive 3D-kart. Likevel er det få i Noreg som tilbyr det.

På skjermen bevegar vi oss rundt i eit hyperrealistisk landskap basert på Fiksdalen. I handa sit Tore Holmen med ein Xbox-kontroller og tar oss gjennom landskap og hus.

Hus som ikkje finst. Syklar står lent mot veggen, benkar i eit vrimleområde, utsikt mot fjorden og fjella.

Kvifor har han laga dette universet?

Arkwiz Tore Holmem 3
SPEL: Tore Holmem brukar Xbox-kontroller for å bevege seg i Fiksdalen. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Sjølvhjelp
Ideen starta med eit personlig renoveringsprosjekt. Holmem synst det var vanskeleg å forhalde seg til det arkitekten kom med visuelt sett.

Sjølv arbeider han med 3D og animasjon. Han tok tusenvis av bilde i huset, både utanpå og inni. Så gjorde han den om til ein 3D-modell, og brukte tomta rundt som ytterste referansepunkt.

Då kunne han enklare sjå korleis utsikta deira ville ha vore, og når sola står opp og går ned.

– Eg var på NMK og pitcha noko anna som hadde med motion capture å gjere. Så viste eg fram renoveringsmodellen til ein kar. Det endte med at eg laga ein prototype av eit bygg i Ulsteinvik.

Motion capture handlar om å ta opp og kopiere korleis dyr eller folk bevegar seg ved hjelp av sensorar. Informasjonen blir brukt til å animere figurar.

Kart og terreng
Dermed var ideen for Arkwiz fødd. Det er ei oppstartsbedrift som utviklar ein app som foreløpig heiter Geos. Bedrifta har fem tilsette, men berre ein fast tilsett utviklar: Holmem sjølv.

Dei andre er styremedlemmar, og ein av dei hjelper til med analyse for å utvikle selskapet vidare.

Dei koplar også på andre utviklarar ved behov, og har eit fast samarbeid med ein NTNU-student i Trondheim.

Poenget er å hente ut kart og terrengdata, som dei får gjennom eit samarbeid med Oslo-baserte Geodata AS. Dataen blir gjort om til ei så naturtru og realistiske verd som råd. Bruksområda er mange.

Til no har dei gjort mindre prosjekt for privatpersonar, men også nokon større for Vestlandshus og Fiksdal Utvikling.

Eit av prosjekta var å hjelpe ei bedrift med å sjå korleis eit planlagt bygg i Hatlane ville sett ut, og korleis utsikta blei. På bakgrunn av dette valgte selskapet å ikkje kjøpe tomta.

– Mange i min generasjon som er i 40-åra spelar dataspel. Så kvifor får vi framleis ting i eit todimensjonelt kart når interaktiv 3d eksisterer? Geodata AS seier at det er ei aukande utvikling i folk som har interesse for denne teknologien, men at nesten ingen tilbyr det.

Programmet Geos utviklar seg i løpet av oppdraga dei utfører. Det som før innebar mykje manuelt arbeid, har dei no i stor grad klart å automatisere.

Aksla Test 1
ÅLESUND: Slik ser det ut når ein legg høgdedata og flyfoto, her av Sukkertoppen, inn i programmet. Illustrasjon: Tore Holmem

Hesten framfor kjerra
Det er eit gamalt engelsk uttrykk frå 1500-talet som heiter «The cart before the horse». Dette uttrykket prøver Tore Holmem etter beste evne å leve etter.

Enkelt forklart betyr det at ein gjer noko i feil rekkefølge.

Prototype-prosjektet laga han i VR (Virtuell røynd), fordi han sjølv synes at det er ein kjempemessig teknologi. Likevel gjekk han vekk frå VR.

– Etter å ha jobba med dette i ti år, har eg funne ut at eg må legge vekk min eigen fasinasjon med ny teknologi til fordel for kunden sine ønsker.

Så lenge VR-briller ser ut som det han beskriv som ein teit skihjelm, trur han ikkje VR-sett vil bli allemannseige. Difor blir ikkje VR-omvisning aktuelt med det første.

– Vi menneske må ha blikkontakt. VR-brillene må heller likne meir på brillene du har på deg no. Då er vi der. No brukar mesteparten av kundane vore skjerm, og det er der vi må levere.

Arkwiz Tore Holmem 4
BRILLESLANGE: Journalisten sine briller, om nokon skulle lure på korleis framtidige VR-briller kan sjå ut. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Tid og pengar
Å balansere to jobbar samtidig har vore den største utfordringa for Holmem.

Han har begrensa bandbreidde i oppstartsfasa, og han må fortløpande prioritere kva selskap ein skal rette søkelyset mot.

Sidan han er einaste utviklaren må han ha betalt for eiga tid, samt for andre dei leiger inn.

– Budsjetta vore byrjar å likne på noko no, og vi kan tilby eit produkt som er verdt nok for å halde oss flytande.

Investorar
Kvar gong dei tenker å snakke med investorar, kjem det inn prosjekt dei heller bør lene seg mot.

– I nær framtid vil vi ha workshop for å sortere tankane vore.

Dei kan tilby tenestene sine til fleire: Kommunale, utbyggarar, investorar som sit på teknologi dei vil ha.

Holmem seier dei treng anten kapital eller eit større prosjekt for å kome seg opp og fram.

Arkwiz Tore Holmem 1
UTKIK: Arkwiz er ute etter nokon som kan vere med og støtte vidare utvikling av Geos. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Frå spelteknologi til ekte prosjekt
For å bygge programmet nyttar dei seg av ein spelmotor som heiter Unreal Engine 5, som blei lansert i fjor.

Nytteverdien i motoren går derimot utanfor spelverda. I tillegg til å ha eit robust rammesystem, seier teknologigründeren at dette er dei viktigste verktøya den gir:

  1. Lumen er eit system som gjer at lysforhold blir dynamiske. Før måtte ein manuelt teikne opp korleis lyset ville treffe med tanke på tidspunkt på døgnet. Dette kan hjelpe folk med å sjå når sola går bak naboen sitt hus, og korleis ein soloppgang vil sjå ut i for eksempel mai.
  2. Prosedyrebaserte system som tillet ein å automatisk generere store mengder innhald basert på reglar ein definerar sjølv. Tore Holmem gir som eksempel at ein kan ha kartdata for å forstå kor det finnes skogsområder, og la tre dukke opp i det same området basert på reglar. Eldre tre i midten, mindre og yngre ytterst.

Miljøet til å bruke denne motoren er framleis lite i Noreg.

– Det er mange som brukar det til eit heilt andre føremål i Noreg som tek kontakt med meg. Det seier litt om størrelsen på miljøet, men det har vekse sidan den femte utgåva av Unreal blei lansert.

Inspirasjon frå kundane
Arkwiz har oppdaga at mange aktørar saknar visualisering i kontekst med omgivelsane. Sjølv tenkte dei først og fremst på arkitektur.

– Så har det komt inn tankar frå potensielle kundar frå industriar vi sjølv ikkje hadde vurdert i utgangspunktet.

Publisert: 12.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 12.11.2023 12:01

Mer om