Brunstad i pluss i Sykkylven
OVERSKOT: Ifjor gjekk drifta i Sykkylven i minus. I år blir det overskot, lovar Brunstad-sjef Reidar Mjelde.
Nytt

Brunstad i pluss i Sykkylven

Smartare produksjon, med salsauke på toppen, har snudd minus til pluss for møbelprodusenten Brunstad i Sykkylven.

11.12.2014
2013 enda med 3,7 millionar kroner i minus for Brunstad i Sykkylven. I år ligg det an til tre millionar kroner i overskot, i følgje Brunstadsjef Reidar Mjelde.
Etter at fabrikken i Estland sytte for at Brunstad-familien kom ut i pluss i 2013, har snuoperasjonen gjort at det no er fabrikken i Sykkylven som set standarden for korleis det skal produserast.

Tok av

Noko av det første Reidar Mjelde gjorde då han tok over som sjef i Brunstad i sommar var å arbeide med å få ut effekten av forbetringane i produksjonen.
Fabrikksjef Ronny Bjøringsøy, som starta i selskapet i april, hadde sett i gang ei rekke tiltak for å produsere meir effektivt. Det handla om enkle ting, som å sørge for at varene flaut jamt gjennom produksjonen, og få bort at tilsette måtte gå lange vegar for hente og levere delene dei skulle arbeide med.
Samstundes som verknaden av alle tiltaka tok til å vise seg skaut salet i veret.
- Frå og med oktober og utover så tok det av, seier Mjelde.

Auka produktiviteten

Salsauken og effektiviseringa gjorde at Brunstad kunne auke produksjonen, utan å måtte tilsette fleire folk.
Mjelde rekna med at summen av alle tiltaka er ein produktivitetsauke på rundt ti prosent i fabrikken i Sykkylven.
No skal produksjonen ved fabrikken i Estland vurderast med utgangpunkt i resultata frå fabrikken i Sykkylven.

Skeidar som kunde

Mjelde meiner auka sal frå oktober og utover mellom anna har samanheng med at selskapet har lukkast i salsarbeidet og med nye modellar.
Framover reknar han med effekt også av at Brunstad, og Brunstadfamiliens estiske selskap Violante, i haust også har fått avtale med møbelkjeda Skeidar.
Dermed er Brunstadmøblane inne i alle dei tre store norske møbelkjedene, Skeidar, Bohus og Møbelringen.

Var best ute

Hadi Invest, som omfattar heile møbelverksemda og resten av forretningsverksemda til eineeigar Helge Brunstad, gjekk i minus i 2012, men var attende med plussresultat i 2013 og eit utbytte på 2,5 millionar kroner.

Under Hadi Invest-paraplyen er det tre selskap, Brunstad (produksjonsselskapet i Sykkylven), Brunstad Invest (eig og leiger ut fabrikkbygget i Sykkylven, samt andre investeringar) og produksjonsbedrifta Violante Mööbel OÜ i Estland. I Estland er det rundt 60 tilsette, i Sykkylven 92.
Dei siste åra er det fabrikken i Estland som har sytt for positive bidrag inn i Hadi Invest-systemet, men no er plusstala attende også i Noreg.
Frå og med oktober og utover så tok det av

Publisert: 11.12.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39