Nytt
Brunvoll passerte milliarden
Dotterselskapet i Volda bidrog sterkt til positivt år for Molde-konsernet Brunvoll.
27.03.2020
For første gong i historia passerte i fjor Brunvoll-konsernet i Molde over ein milliard kroner i omsetning. Totalt stoppa omsetninga på 1095 millionar kroner, opp frå 812 millionar kroner året før.
Resultatet før skatt enda på 17 millionar kroner, mot minus 15 millionar i 2018.
Av årsreknskapen går det fram at Brunvoll Volda hadde eit resultat på 18,3 millionar kroner, medan Brunvoll Mar-El i Dalen hadde eit resultat på minus 1,6 millionar kroner.
Brunvoll er elles store på thrustersystem og styringssystem.
I årsreknskapen går det fram at ordreinngangen i 2019 var litt lavare enn normalt, men at ein forventa at dette ville normalisere seg i 2020.
Det vert også meldt om sterkt prispress, men at den svake norske krona hjelper på.
Mesteparten av produksjonen til Brunvoll går til eksport.
Brunvoll opplyste då at kontrakten fyller godt opp produksjonskapasiteten til Brunvoll ved fabrikken i Molde ettersom hovedtyngden av ordren skal produserast og leverast i 2020.
Resultatet før skatt enda på 17 millionar kroner, mot minus 15 millionar i 2018.
Volda-pluss
Brunvoll-konsernet har dotterselskap i Volda, Dalen og USA, og spesielt girprosenten Brunvoll Volda hadde eit godt år i fjor.Av årsreknskapen går det fram at Brunvoll Volda hadde eit resultat på 18,3 millionar kroner, medan Brunvoll Mar-El i Dalen hadde eit resultat på minus 1,6 millionar kroner.
Brunvoll er elles store på thrustersystem og styringssystem.
Prispress
Totalt hadde konsernet 305 tilsette ved årsskiftet, i tillegg til 27 lærlingar.I årsreknskapen går det fram at ordreinngangen i 2019 var litt lavare enn normalt, men at ein forventa at dette ville normalisere seg i 2020.
Det vert også meldt om sterkt prispress, men at den svake norske krona hjelper på.
Mesteparten av produksjonen til Brunvoll går til eksport.
Storkontrakt
I mars i år melde selskapet ein storkontrakt med verda største skipsverft, Hyundai Heavy Industries i Sør-Korea, som hadde bestilt thrustersystem frå Brunvoll til byggingen av tre nye shutteltankarar for det malayiske reiarlaget AET.Brunvoll opplyste då at kontrakten fyller godt opp produksjonskapasiteten til Brunvoll ved fabrikken i Molde ettersom hovedtyngden av ordren skal produserast og leverast i 2020.
Publisert: 27.03.2020 08:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55