Nytt
Bryggeria dobla salet, halverte lønsemda
Småbryggeria er framleis ein vekstbransje på Nordvestlandet. Men førebels er det smått med lønsemda.
04.09.2017
Dei sju bryggeria i NETT NO si oversikt (sjå tabell) selde øl for til saman over 10 millionar kroner i fjor. Det er meir enn dobbelt så mykje som i 2015. Resultatet blei eit lite underskot samla sett, om lag som i 2015 målt i kroner.
Fire av bryggeria gjekk i minus i 2016. Trollbryggeriet i Liabygda i Stranda, som er det første og største, hadde også det største underskotet, nesten ein million i minus i 2016. Underskotet kom etter at store og tidkrevande investeringar i nytt bryggerianlegg og bygging av selskapslokale/pub i tilknytning til puben. Det er først i år Trollbryggeriet får full effekt av investeringane, men dagleg leiar Jørund Ringset sa til NETT NO i juli at han merka at kampen om å få plass i butikkhyllene har hardna til.
- For nokre år sidan sto dei berre og jaga oss inn, sa Ringset om mottakinga i butikkane.
Grim & Gryt Økobrygger på Hareid starta i 2014 og er no oppe i 1,8 millionar kroner i driftsinntekter. Men i år buttar det meir i mot, og selskapet sonderer terrenget for å få inn meir kapital - som skal finansiere auka satsing på distribusjon og marknadsføring.
- Vi er i dialog om å få meir kapital inn i selskapet, seier dagleg leiar og medeigar Øyvind Grimstad Gryt.
Det er framleis eit stykke att før dei eventuelt kan til tilsett eller leige inn fleire folk.
No har NETT NO sju bryggeri på lista, frå Baatbryggeriet i Vestnes i nord til Olden Bryggeri i Olden i sør.
I tilegg er Molo Brew i Ålesund etablert i år og også Måløy har fått sitt sitt mikrobryggeri,
- Det blir fleire og fleire, og deira samla andel av marknaden auka og aukar, seier kommunikasjonsdirektør Petter Nome Bryggeriforeningen. Bransjeorgansisasjonen har cikra 130 små og mellomstore bryggeri på medlemslista, og Nome anslår at dobbelt så mange er registrert i Brønnøysundregisteret.
Nome vedgår at han i fjor trudde på konkursar og ei avskalling av dei mindre og mellom store bryggeria i år, men så langt har den spådommen slått feil.
Men det merkast at det er blitt fleire om beinet.
- Dei som startar no møter ein tøff konkurranse, seier Nome.
Fire av bryggeria gjekk i minus i 2016. Trollbryggeriet i Liabygda i Stranda, som er det første og største, hadde også det største underskotet, nesten ein million i minus i 2016. Underskotet kom etter at store og tidkrevande investeringar i nytt bryggerianlegg og bygging av selskapslokale/pub i tilknytning til puben. Det er først i år Trollbryggeriet får full effekt av investeringane, men dagleg leiar Jørund Ringset sa til NETT NO i juli at han merka at kampen om å få plass i butikkhyllene har hardna til.
- For nokre år sidan sto dei berre og jaga oss inn, sa Ringset om mottakinga i butikkane.
Meir kapital
Fem av bryggeria på Nordvestlandet har passert ein million kroner i omsetning.Grim & Gryt Økobrygger på Hareid starta i 2014 og er no oppe i 1,8 millionar kroner i driftsinntekter. Men i år buttar det meir i mot, og selskapet sonderer terrenget for å få inn meir kapital - som skal finansiere auka satsing på distribusjon og marknadsføring.
- Vi er i dialog om å få meir kapital inn i selskapet, seier dagleg leiar og medeigar Øyvind Grimstad Gryt.
Få arbeidsplassar
Førebels er inntektene så små i bryggeria at fleirtalet ventar med å tilsette folk. I Tonga Gardsbryggeri i Nordal, som passerte ein million kroner i driftsinntekter, er det Synnøve Bjørnstad som gjer mesteparten av jobben, medan ektefellen Stein Harald Døving er med når han heime.Det er framleis eit stykke att før dei eventuelt kan til tilsett eller leige inn fleire folk.
Uventa vekst
I 2014 var Jørund Ringset og Trollbryggeriet praktisk talt åleine på marknaden.No har NETT NO sju bryggeri på lista, frå Baatbryggeriet i Vestnes i nord til Olden Bryggeri i Olden i sør.
I tilegg er Molo Brew i Ålesund etablert i år og også Måløy har fått sitt sitt mikrobryggeri,
- Det blir fleire og fleire, og deira samla andel av marknaden auka og aukar, seier kommunikasjonsdirektør Petter Nome Bryggeriforeningen. Bransjeorgansisasjonen har cikra 130 små og mellomstore bryggeri på medlemslista, og Nome anslår at dobbelt så mange er registrert i Brønnøysundregisteret.
Nome vedgår at han i fjor trudde på konkursar og ei avskalling av dei mindre og mellom store bryggeria i år, men så langt har den spådommen slått feil.
Dobbelt så stort
I Noreg har små og mellomstore bryggeri erobra cirka fire prosent av marknaden. Nome anslår at marknadsandelen for slike bryggeri i USA er på over ti prosent, og meiner det tyder på at det framleis er rom for vekst for små og mellomstore bryggeri i Noreg.Men det merkast at det er blitt fleire om beinet.
- Dei som startar no møter ein tøff konkurranse, seier Nome.
Publisert: 04.09.2017 16:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13