Broedrene Aa berga baatane
STORE SKADER: Fem-ti centimeter med slam dekkjer golvet i anlegget til brødrene Aa etter flaumen. I deler av bygget er det og grus og store steinar. Verftet byggjer hurtigbåtar for persontransport, og alle tre båtane på verftet slapp uskadde frå flaumen.
Nytt

Brødrene Aa berga båtane

Flaumskader for 30-50 millionar kroner hos hurtigbåtverftet i Hyen, men båtane er uskadd.

01.08.2019
Store nedbørsmengder tysdag fekk elva til brøyte seg ny veg og rett inn i båtbyggeriet.
-Store deler av elva gjekk ein periode rett inn i anlegget vårt, seier medeigar og dagleg leiar Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa.
Elva gjekk inn i andre etasje i verkstaden og drog med seg store steinar, grus og sand. Etter eit stund braut cirka 200 kvadrameter av golvet saman og rasa ned i første etasje.
- Det ligg slam i alle deler av anlegget, seier Aa.
Dei tilsette er på ferie og bygget var tom då flaumen kom. Det er Aa glad for.
- Å evakuere 170 mann i ein slik situasjon kunne vere krevande, seier han.

Fleire 100 kubikkmeter stein

Verst er det i verkstaden, der han anslår at det også ligg fleire 100 kubikkmeter med stein.
I dag er Aa og forsikringselskapet i ferd med å gå gjennom anlegget for å kartlegge omfanget av skadane. Aa sitt førebelse anslag er at det er snakk om skadar for tilsaman mellom 30 og 50 millionar kroner.
Brødrene Aa lagar hurtiggåande passasjerfarty i karbonfiber og Aa anslår at karbofibermatter for fem-ti millionar kroner er øydelagt. Batteripakkar for 15-20 millionar kroner kan og ha blitt øydelagt. I tillegg kjem skader på produksjonsutstyr og sjølve bygget.

Båtane berga

Selskapet har fullverdi- og avbrotsforsikring. Aa er ikkje så bekymra for dei økonomiske konsekvensane for selskapet, og seier det av omsyn til kundane er det viktigaste no er å kome i gang med å bygge ferdig dei tre båtane selskapet har under bygging. Ingen av båtane blei skada av flaumen, men omfanget av skadene på bygg, utstyr og råmaterialar og tilgang på nytt materiale og utstyr vil avgjere i kor raskt og kva omgang verftet kan halde fram med produksjonen etter ferien.
Flaumen er omfatta av "force majeure-klasular" i byggekontraktane. Det er ein klausul som held verftet skadefritt om det blir forseinking av til dømes naturskader denne typen.
- Men det hjelper ikkje reiarane, seier Aa.

Publisert: 01.08.2019 15:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38