Broedrene Aa baat sprengjer grenser
INGEN UTSLEPP: Frå april neste år skal Rødne Trafikk gå i turisttrafikk i Rogaland med ein batteridriven katamaran frå Brødrene Aa.
Nytt

Brødrene Aa-båt sprengjer grenser

Hurtigbåtselskapet Rødne Trafikk skal gå i turisttrafikk på Lysefjorden med ein batteridriven katamaran frå Brødrene Aa. 

19.12.2019
Turen på Lysefjorden vil ta 2,5-3 timer og farta på båten i trakfik blir opptil 19 knop. Planen er å gå to turar kvar dag, og lade i Stavanger.
Lysefjorden er 42 kilometer lang og båten vil tøye grensene for kor lange strekningar ein batteridriven båt kan rekke over før den må ladast.

Geirangerfjorden, der det og blir arbeidd for utsleppsfri båttrafikk mellom Hellesylt og Geiranger, er til samanlikning 15 kilometer lang.

Bestilt i mars

Rødne Trafikk bestilte katamaranen hos Brødrene Aa i mars i år, men avgjerda om framdriftssystem vart utsett til Rødne Trafikk og Brødrene Aa fekk avklart om dei kunne få støtte til batteridrifta.

Det har dei fått no. Enova gir 19,5 millionar kroner til båten og 10,3 millionar kroner til selskapet Smartly as, som skal bygge ladestasjonen i Stavanger.

Målet er å kome i trafikk i april 2020.

Lange strekningar

Dagleg leiar Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa er oppmuntra av at det private selskapet Rødne Trafikk vel å satse på batteridrift. Det er eit interessant signal for hurtigbåtverftet, slik han ser det.
Brødrene å har tidlegare bygt sightseeingsbåtar for selskapet The Fjords, men katamaranen som Rødne Trafikk skal ha har både større batterikapasiet og er lettare. Resultatet er større toppfart og lenger rekkevidde. Ved 18-20 knop blir rekkevidda 50 nautiske mil (cirka 90 kilometer). Ved 35-40 knop blir rekkevidda 35-40 nautiske mil (65-75 kilometer), i følgje Aa.

Tre båtar under bygging

Hurtigbåtverftet Brødrene Aa i Hyen har tre båtar under bygging, medrekna den som skal til Rødne.
Den siste av dei tre skal leverast i oktober/november neste år, men alt i januar neste år ventar Aa å ha på plass nye oppdrag.

Publisert: 19.12.2019 09:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48