Broennbaat fekk pris for aarets skip
PRISUTDELING: Prisen blei delt ut av fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (t.h.). Elles frå venstre: dagleg leiar Per-Jørgen Silden i Skipskompetanse, dagleg leiar Jarle Gunnarstein i Larsnes Mek Verksted og dagleg leiar Odd Einar Sandøy i Rostein.
Nytt

Brønnbåt fekk pris for årets skip

- Fantastisk moro, seier Rostein-sjef.

Marius Rosbach
02.09.2020
Brønnbåten Ro Vision er kåra til årets skip 2020 i konkurranse med konteinerskipet Yara Birkeland og Røkke-skipet Rev Ocean.
Kåringa skjer i regi av Skipsrevyen, og prisen blei utdelt av fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen onsdag.
- Det er fantastisk moro at nettopp Ro Vision vinn, og kan stå som eit symbol for ei rivande utvikling innan havbruk, seier Rostein-sjef Odd Einar Sandøy i ei pressemelding.

Første hybride brønnbåt

84,2 meter lange Ro Vision er har ein elektromotor som driv båten framover. Straumproduksjonen kjem frå tre dieselgeneratorar og ved den fjerde er det laga eit stort batterirom, slik at Ro Vision vert rekna som den første hybride brønnbåten.

Brønnbåten er designa av Skipskompetanse i Måløy og blei levert frå Larsnes Mek. Verksted i april.
Sandøy meiner det er ein stor dag for heile laksenæringa, og påpeiker at det er første gong ein brønnbåt vinn denne kåringa.

Ny omsetningsrekord

Rostein har bygd ein rekke brønnbåtar på Larsnes-verftet og Ro Vision er det sjette i rekka av sju skip frå same serie.
- Vi meiner det er ein del av vårt samfunnsoppdrag å utvikle reiarlaget i ein stadig meir berekraftig retning. Ved å ta i bruk norskproduserte batteripakkar på Ro Vision og utruste fartøyet i Norge, så viser vi veg ved å prøve ut nye løysingar med redusert forbruk, og vi skapar aktivitet og arbeidsplassar i maritim industri, seier Glen Bradley som er «vice president» og styreleiar i reiarlaget.
Reiarlaget sitt rekneskap er ikkje gjort offentleg frå Brønnøysund, men ifølgje Bradley sette dei ny omsetningsrekord med en dryg milliard i inntekter i 2019.

Les også:




Publisert: 02.09.2020 12:48

Sist oppdatert: 07.04.2021 15:31