Nytt
Brønnbåtkontrakt for nytt anlegg
Astorplast i Herøy og Cflow i Langevåg har fått kontrakt med brønnbåtreiarlaget Frøy Vest for sitt nye rør-og ventilsystem for frakt av levande fisk.
30.11.2020
I to-tre år har Astorplast og Cflow samarbeidd for å utvikle det nye systemet, som er laga for transport av levande fisk både ombord i brønnbåtar og på landanlegg.
Kort sagt er det eit system med færre svingar og vinklar på røra, og ventilar med fem utgangar, i tillegg til glattare plastoverflater på plastkomponentane. (Fleire utgangar på ventilane gjer at det trengst færre ventilar i kvart system).
Poenget er betre fiskevelferd, med mindre skader på fisken, og eit system som dessutan er enklare å montere og mindre plasskrevande enn eksisterande anlegg.
- Det kan bli veldig mykje, seier driftsdirektør Gunnar Hoff i Cflow, om forventningane til salet av det nye systemet.
- Vi har eit håp om å kunne selge eit betydleg antal ventilar, seier assisterande dagleg leiar Asgeir Djupvik i Astorplast.
Cflow tilsette for nokre år sidan sin første biolog, nettopp for å blir betre på å lage produkt som gir betre fiskevelferd. No er det fire biologar hos Cflow, og dei har vore med på utviklingsarbeidet heile vegen, fortel Hoff.
Biologane tilfører ein ekstra kompetanse til kunnskapen til ingeniørarne og folk i produksjonen, som samla sett gir eit betre produkt, meiner Hoff.
Den kontrakten blei signert for to-tre månadar sidan, seier Gunnar Hoff.
Han håpar på fleire.
-Det er forsatt mykje brønnbåt som skal byggast, og mykje landbasert oppdrett som skal byggast, seier han.
Kort sagt er det eit system med færre svingar og vinklar på røra, og ventilar med fem utgangar, i tillegg til glattare plastoverflater på plastkomponentane. (Fleire utgangar på ventilane gjer at det trengst færre ventilar i kvart system).
Poenget er betre fiskevelferd, med mindre skader på fisken, og eit system som dessutan er enklare å montere og mindre plasskrevande enn eksisterande anlegg.
- Det kan bli veldig mykje, seier driftsdirektør Gunnar Hoff i Cflow, om forventningane til salet av det nye systemet.
- Vi har eit håp om å kunne selge eit betydleg antal ventilar, seier assisterande dagleg leiar Asgeir Djupvik i Astorplast.
Biologar på laget
Det er Cflow som skal stå for salet ut til brønnbråtreiarlag og landanlegg.Cflow tilsette for nokre år sidan sin første biolog, nettopp for å blir betre på å lage produkt som gir betre fiskevelferd. No er det fire biologar hos Cflow, og dei har vore med på utviklingsarbeidet heile vegen, fortel Hoff.
Biologane tilfører ein ekstra kompetanse til kunnskapen til ingeniørarne og folk i produksjonen, som samla sett gir eit betre produkt, meiner Hoff.
Ombord i brønnbåt
Den første kontrakten for det nye systemet er allereie i boks. Cflow/Astorplast skal levere Flowline-systemet, som det blir kalla, til brønnbåten Gåsø Høvding, som er under bygging i Tyrkia for Frøy Rederi.Den kontrakten blei signert for to-tre månadar sidan, seier Gunnar Hoff.
Han håpar på fleire.
-Det er forsatt mykje brønnbåt som skal byggast, og mykje landbasert oppdrett som skal byggast, seier han.
Vi har eit håp om å kunne selge eit betydleg antal ventilar
Publisert: 30.11.2020 11:30
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:01