Bubil boom etter paaske
KUNDANE KOM TILBAKE: Med minimal sjanse til utanlandsferie vil mange satse på bubil- eller campingvogntur i Noreg i staden. Tida etter påske i år vore Magnar Romestrand nokon av dei beste salsvekene han har hatt.
Nytt

Bubil-boom etter påske

I mars blei det bråstopp for bubil- og campingvognforhandlar Magnar Romestrand, men etter påske gjekk salet rett til vers.

26.05.2020
- Etter påske eksploderte det. Det har vore nesten all time high, seier Magnar Romestrand.
Kundane forsvann då regjeringa stengte store deler av Noreg 12. mars, for å hindre smitte av koronaviruset, men dei kom tilbake i rikeleg mon etter påske.
Omtale i media om at det er liten sjansen til utanlandsferie i år og råd frå styresmaktene om å innstille seg på å ta ferien i Noreg, er grunnen til salsauken, meiner Romestrand.

Han eig og driv to bubil- og campingvognforhandlarar, Sunnmøre Caravan på Sjøholt og Nordfjord Caravan på Stryn.

Krympar lageret

Bilar og vogner på lager gjer at Romestrand kan selje bilar og vogner som blei kjøpt inn på ein gunstigar valutakurs enn vi har i dag. Målet er mellom anna å gå ut av sommaren med færre bilar og vogner på lager enn selskapet hadde i fjor.
- Varelageret er veldig magert når vi kjem til slutten av august, seier Romestrand.
Driftsinntektene i år kjem til å bli omlag som i 2019 (sjå tabell), men selskapa kjem til å få ei betre lønsemd enn i fjor, ventar han.

Veksten stoppa

Etter flere år med vekst bremsa bubil- og campingbilmarkedet opp i fjor. 2018 blei det tøffaste året Sunnmøre Caravan har hatt, og det første året med minus, seier Romestrand.

Romestrand si vurdering er at han kanskje var for optimistisk med innkjøpa til 2019-sesongen, og at det medverka til at lønsemda gjekk ned.
Etter påske eksploderte det. Det har vore nesten all time high

Publisert: 26.05.2020 15:30

Sist oppdatert: 11.05.2021 07:00