Anders Riise Foto Per Kristian Bratteng Møre og Romsdal fylkeskommune
MEIR PENGAR: Fylkesordførar Anders Riise ser ikkje vekk frå at nokre tilbod kan styrkast som følgje av at fylkeskommunen får meir pengar over statsbudsjettet neste år. Foto Per Kristian Bratteng/Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Budsjettavtale gir pengedryss til kommunane

215 millionar ekstra til Møre og Romsdal. Sjekk kor mykje din kommune får.

Marius Rosbach
08.12.2025

Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunane i fylket får kring 215 millionar kroner ekstra som følgje av avtalen på Stortinget om neste års statsbudsjett. 

Sjå kor mykje kvar kommune får under saka

I tillegg kom det ekstraløyvingar til mellom anna Ishavsmuseet Aarvak på éin million kroner og 2,5 millionar til Runde Miljøsenter

Sjekk tala og dei skriftlege punkta i avtalen (ekstern lenke). 

Fylkeskommunen får drygt 65 millionar kroner ekstra å rutte med i overføringar frå staten. 

Vil vurdere å styrke tilbod
Tysdag denne veka skal fylkesutvalet møtast for årets siste gong i forkant av fylkestinget sitt budsjettmøte onsdag. 

Fylkesordførar Anders Riise (H) fortel at det kan gi opning for å styrke nokre tilbod i det fylkeskommunale budsjettet for 2026.

– Vi har prioritert å halde eit stramt budsjett, men vil sikkert sjå om det er noko vi kan styrke, seier han til Nett No. 

Riise meiner alternativa i hovudsak er å sette pengane på disposisjonsfond eller framtidige investeringsfond, slik at dei kan sleppe unna med mindre lån ved neste større prosjekt. 

Vil behalde hurtigbåtrute
Eit fleirtal i fylkesutvalet gjekk i førre møte mellom anna inn for å behalde hurtigbåtruta mellom Ålesund og Hamsund. I staden vil dei ha ruta ut på nytt anbod. 

Fylkestinget skal ta endeleg avgjerd om budsjett og økonomiplan i sitt møte onsdag. 

Sjekk sakspapira her (ekstern lenke)

Tabell som viste kor mye ekstra kommunane i Møre og Romsdal får i millionar:

Tabell budsjett 2026 kommuner MR

Publisert: 08.12.2025 11:08

Sist oppdatert: 08.12.2025 11:08

Mer om