Nytt
Bur seg på heilautomatisk filetproduksjon
Om nokre år vil filetproduksjonen i villfisknæringa i Noreg vere heilautomatisert, trur utstyrsprodusenten Marel.
18.12.2018
NPK/NETT NO: Produsenten meiner dette er naudsynt om Noreg skal oppnå målet om auka foredling av fisken innanlands, skriv
Spådommen til Marel er at arbeidsplassane knytt til sjølve filetproduksjonen vil forsvinne på sikt, men at det vil komme nye arbeidsplassar til, knytt til mellom anna teknisk drift, leiing, HR, sal og marknadsføring.
Også i klippfiskproduksjonen og i pelagisk industri blir det jobba for meir automatisering.
På spørsmål om det er nokon veg utanom ei slik utvikling, svarar han at det er det, dersom ein går ned i kvantum og opp på tilverking og heller satsar på å selje eit luksusprodukt til ein høgare pris.
– Men med dei kvotane og råstoffet som Noreg har tilgjengeleg, vil du aldri kunne gjere det med alt, seier han.
Marel har levert løysingar til Primex i Vesterålen, og det er desse løysingane dei vil jobbe med å vidareutvikle.
Marel reknar med at det vil gå fem til åtte år før alt er automatisert.
– Vi må knyte oss til dei aktørane som vil vere med på utviklinga, seier Martinsen.
Spådommen til Marel er at arbeidsplassane knytt til sjølve filetproduksjonen vil forsvinne på sikt, men at det vil komme nye arbeidsplassar til, knytt til mellom anna teknisk drift, leiing, HR, sal og marknadsføring.
Også i klippfiskproduksjonen og i pelagisk industri blir det jobba for meir automatisering.
Folk forsvinn frå produksjonen
– Bransjen jobbar no mot at alle dei operasjonane som er manuelle i dag og krev folk, som å mate maskiner med råstoff, handsaming av defektar i produksjonen og pakking av produkt, forsvinn, seier Hans Marius Martinsen i Marel.På spørsmål om det er nokon veg utanom ei slik utvikling, svarar han at det er det, dersom ein går ned i kvantum og opp på tilverking og heller satsar på å selje eit luksusprodukt til ein høgare pris.
– Men med dei kvotane og råstoffet som Noreg har tilgjengeleg, vil du aldri kunne gjere det med alt, seier han.
Marel har levert løysingar til Primex i Vesterålen, og det er desse løysingane dei vil jobbe med å vidareutvikle.
Skannar fisken
Martinsen fortel at dei jobbar med eit nytt konsept innanfor filetering. Dette skal redusere defektar og auke utbyttet ved at ein skannar sorterer fileten etter kvalitet. Etter kvart vil dei også vere med på å utvikle løysingar for eliminering av trimming og automatisk kvalitetssortering av heilfisk.Marel reknar med at det vil gå fem til åtte år før alt er automatisert.
– Vi må knyte oss til dei aktørane som vil vere med på utviklinga, seier Martinsen.
Publisert: 18.12.2018 13:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29