Til saman hadde dei to entreprenørselskapa over 500 millionar kroner i driftsinntekt i fjor, og har 200 tilsette seier Busengdal-sjef Rolf Anders Håberg.
Kor mykje Busengdal går inn med ønskjer han ikkje å opplyse.
Volda Maskin gjekk med 22 millionar kroner i minus i 2023 og Busengdal hadde eit resultat før skatt på 0,2 millionar kroner. Ingen av selskapa har 2024-rekneskapa klare enno, men Håberg seier også 2024 blei eit krevande år for begge selskapa.
Familieigd
Fram til Busengdal kjem inn som medeigar har Volda Maskin vore eigd av Jon Paul Grebstad og ektefellen Ida Elsiabeth Eggesbø og Runar Andre Grebstad.
Også Busengdal er i hovudsak eit famlieiegd selskap, med Erling og Bjørn Busengdal som dei største aksjonærane.
Søkt etter investor
Volda Maskinhar hatt økonomiske utfordringar dei siste åra, spesielt som følge av enkelte krevjande prosjekt. Bedrifta har i seinare tid vore på jakt etter ein investor som kunne vere med på ei vidare satsing, skriv Volda Maskin og Busengdal i ei felles pressemelding.
Samstundes har Busengdal lenge sett etter aktuelle selskap for å konsolidere seg i marknaden. Gjennom denne avtalen fårselskapet eit betre fotfeste i ein region der dei tidlegare ikkje har vore så aktive, heiter det i pressemeldinga.
Publisert: 16.05.2025 16:53
Sist oppdatert: 16.05.2025 17:04






