Bustadbyggjar konkurs med skyhøg gjeld
Slutt for Ålesund-selskap etter 30 års drift.
Møre og Romsdal tingrett opna onsdag konkurs i selskapet Boligbygg Møre.
NETT NO har ikkje fått kontakt med bustyrar Camilla Maria Solbakken, men ho seier til Sunnmørsposten at gjelda er på heile 55,6 millionar kroner.
Verdiane er anslått til kring 15,5 millionar og det var to tilsette i selskapet ved konkurstidspunktet.
Boligbygg Møre har drive med oppføring av bustadar og blei registrert i 1993.
Økonomiske problem i fleire år
Selskapet har hatt økonomiske problem i fleire år. Det siste offentlege rekneskapen er frå 2021, og allereie då var eigenkapitalen tapt.
Den langsiktige gjelda var då oppe i knappe 28 millionar kroner, etter at selskapet hadde gått med underskot i åra 2019 til 2021.
I rekneskapen det året skreiv styret at det var sett i gong ein rekke tiltak, som hadde ført til auke ordrar og omsetning. Det blei også opplyst at tilførsel at kapital blei vurdert.
Ein av tre konkursar i bygg- og anlegg
Med dagens konkurs har 34 selskap gått over ende i Møre og Romsdal så langt i år. Av desse har 11 selskap vore tilhøyrande bygg- og anleggsbransjen.
Byggebransjen har opplevd kraftig nedgang over store delar av landet den siste tida. Sjølv om Møre og Romsdal går mot straumen med høgare aktivitet enn elles i landet, har fleire godt etablerte selskap gått til skifteretten i løpet av det siste året.
Publisert: 21.02.2024 18:16
Sist oppdatert: 21.02.2024 18:16