Boligsalget i A Alesund slakket av
FORBI TOPPEN? – Bustadtoppen er kanskje nådd for denne gongen, seier marknadsanalytikar. Illustrasjonsfoto: GangerRolf, Wikimedia Commons
Nytt

Bustadprisar: Ekspertar trur toppen kan vere nådd

Nytt prisfall i oktober - Ålesund framleis svakast utvikling siste året.

03.11.2021

(NPK-NTB-NETT.NO-Andreas Løf): Bustadprisane fall med 0,4 prosent i oktober. Med nedgangen har bustadprisane falle for andre månad på rad.

Randi Marjamaa, leiar for personmarknad i Nordea Noreg, trur denne utviklinga vil halde fram.

– Bustadtoppen er kanskje nådd for denne gongen. Det har vore kraftig prisvekst over lang tid. Vi ventar no ei stabil prisutvikling framover, men der vi kan oppleve enkelte periodar som skil seg ut, der prisar både kan stige og falle, seier ho i ein kommentar.

Korrigert for sesongvariasjonar steig prisane med 0,2 prosent, viser nye tal som Eiendom Norge la fram på ein pressekonferanse onsdag formiddag.

Ålesund svakast i landet
Med den siste månadens utvikling har bustadprisane no stige med 7 prosent dei siste tolv månadene.

Svakast i landet er Ålesund med ei prisauke på 4,8 prosent. Oslo er eit av dei store pressområda i Noreg, men kjem likevel ut blant dei svakaste siste året, med ein oppgang på 5,5 prosent.

2020 hadde hovudstaden sterkast bustadprisvekst. I år ligg det an til at Oslo får den svakaste prisveksten av dei store byane i Noreg. I Oslo fall prisane 0,6 prosent, ned 0,1 prosent sesongkorrigert i oktober. Verdien på brukte bustader har no falle i sju av dei siste åtte månadene.

Bodø sterkast
Sterkast sesongkorrigert prisutvikling i oktober hadde Bodø med Fauske og Trondheim, med ein oppgang på 1,1 prosent. Bodø med Fauske har òg hatt den sterkaste tolvmånadersveksten, med ein oppgang på 14,9 prosent.

– Slik marknaden står no, skil bustadmarknaden i Bodø med Fauske seg markant ut frå alle andre område i landet, seier Lauridsen.

Svakast sesongkorrigert prisutvikling hadde Stavanger med omland, med ein sesongkorrigert nedgang på 1,1 prosent.

Godt nytt for førstegongskjøparar
Også direktør Carl O. Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund trur tida for kraftig prisvekst kan vere over for denne gongen.

– Ved utgangen av pandemien og inngangen til ein periode med stigande renter, trur vi at den sterke bustadprisveksten er historie. Oslo går føre og har no den svakast prisveksten av alle dei store byane, seier han.

– Alt ligg no til rette for ein svakare prisvekst i åra som kjem. Dette er gode nyheiter, særleg for førstegongskjøparar som vil oppleve litt mindre konkurranse i bustadmarknaden

Sterkare enn normalt
Oktober er typisk ein svak månad i bustadmarknaden, og nedgangen er mindre enn det analytikarane i DNB på førehand hadde venta. Dei spådde eit bustadprisfall på rundt 1 prosent nominelt og venta at prisane skulle ned også korrigert for sesongvariasjonar.

Gjennomsnittsprisen for ein bustad i Noreg var 4.247.937 kroner i oktober 2021.

– Bustadprisane i Noreg utvikla seg sterkare i oktober enn det som er normalt for månaden, og dei fleste område i landet hadde ei sterk utvikling. Unntaka var Stavanger og Kristiansand kvar utviklinga var svakare enn normalt, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Publisert: 03.11.2021 12:44

Sist oppdatert: 03.11.2021 13:00

Mer om