Bygg og anlegg er blitt meir mannsdominert
FÅ KVINNER: Bygg- og anleggsbransjen har få kvinner tilsett - og enno færre i leiande stillingar. Då NETT NO møtte Thea Elise Aasen (t.v.) og Lise Frilund under eit utdanningsarrangement i fjor, var kvinnene i fleirtal på standen til Veidekke. 
Nytt

Bygg- og anlegg er blitt meir mannsdominert

Etter at bransjen var inne i ein god trend, har det gått feil veg dei siste fem åra.

Marius Rosbach
16.11.2020
Den ferske Bygg- og Anleggsanalysen 2020 frå BDO viser at bygg- og anlegg er den mest mannsdominerte bransjen i Norge, med 11 prosent kvinner i arbeidsstyrken.
I åra før 2016 auka talet på kvinner, men dei siste åra har det gått nedover att.
Berre dei siste fire åra har talet på menn i bransjen auka meir enn heile den kvinnelege arbeidsstokken i bransjen.

– Stort potensiale for bransjen

Situasjonen i Møre og Romsdal er ikkje betre enn i resten av landet.
Av bedriftene i bransjen her i fylket er det berre fem prosent som har kvinneleg styreleiar og fire prosent har ein dagleg leiar som er kvinne.
– Det ligg eit stort potensiale for bransjen i å få opp kvinnedelen. Forsking frå mellom anna University of Tuebingen viser ein positiv samanheng mellom kjønnsmangfald og selskapene si lønnsemd. I tillegg aukar lønnsemd når kvinnedelen i styret nærmar seg 50 prosent, uttalar partnar Thomas Lidsheim i BDO i ei pressemelding.
Forskinga slår ikkje fast om det er slik at lønnsemda kjem som følge av fleire kvinner, eller om fleire kvinner kjem med lønnsemda.

Fryktar fleire konkursar

Bygg- og Anleggsanalysen viser at større konkurranse i bransjen igjen pressar marginane. Ei betydeleg auke i utsette prosjekt og lågare aktivitet, gjer at bransjen vil vere utsett for konkursar meiner BDO.
– I dag er vi i ein situasjon der vi må vente å få ei sterke auka i talet på konkursar i bygg- og anleggsbransjen det neste året, seier BDO-partnar Lidsheim.
Driftsmarginen for bedriftene i Møre og Romsdal var på 4,4 prosent, om lag som i fjor – og som landsgjennomsnittet.
Rapporten viser også at bransjebedriftene i Møre og Romsal auka omsetninga frå 2018 til 2019. Veksten i fjor var på 13,1 prosent, medan den var på 10,3 prosent året i førevegen.

Les også:




Synspunkt:


Publisert: 16.11.2020 15:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:05