Bygger 100 prosent norsk bloeggebaat
NYTT DESIGN: Slik blir den nye bløggebåten som skal driftast av Volt-reiarlaget sjåande ut. 
Nytt

Bygger 100 prosent norsk bløggebåt

Remøy Management sin nye båt kan hente fisk kvar dag. Om bord blir det mellom anna bløgge-robotar og betydeleg utstyr frå Optimar.

Marius Rosbach
04.01.2021

Remøy Management i Herøy har bestemt seg for å bygge ein ny bløggebåt ved Fitjar Mekaniske Verksted i Sunnhordland.

Den 28 meter lange båten får nyskapande utstyr om bord frå Optimar på Ellingsøya, og blir ein heilt norskprodusert båt, opplyser partane i ei pressemelding søndag.

Ser verdien av lokale partnarar
Då NETT NO snakka med reiar Even T. Remøy i haust hadde dei ikkje bestemt seg for om dei skulle gå for eit nybygg, eller eit brukt fartøy. I pressemeldinga fortel Remøy at dei ser verdien av å ha samarbeidspartnarane lokalt og tett på.

– Det er viktig i diskusjonen på vegen mot dei beste løysingane. I samarbeidet med Optimar og Fitjar er det opne dører mellom alle partar heile vegen, seier han.

Reiarlaget har lukkast i satsinga mot oppdrett. Gjennom fleire Volt-selskap driv dei frå før to bløggebåtar og ein arbeidsbåt som driv med avlusing av oppdrettsfisk. I 2019 blei selskapet Volt Harvest oppretta.

Kan slakte 60 tonn i timen
Den nye båten vil få namnet Volt Harvest I og vil kunne hente fisk dagleg. Om bord reindyrkast prinsippet med ein bløggebåt og den vil kunne slakte 60 tonn fisk i timen, kvar dag. Ein tradisjonell bløggebåt hentar gjerne fisk annakvar dag frå merdane.

Partnarane har jobba fram ny teknologi og kome fram til det dei meiner er den optimale løysinga for å handtere store mengder fisk på avgrensa plass.

– Vi har optimalisert heile prosesslinja, frå pumping og levering. Og slik vi ser det, finn du ikkje noko som kan måle seg med det vi får levert her, seier Robert Søviknes i Volt-reiarlaget.

Bløggerobotar og art-identifisering
Designet FMV 53 er ein vidareutvikling av ein designserie Fitjar har utvikla saman med Heimli. Om bord blir det mellom anna teke i bruk bløggerobotar som kan identifisere artar og rapporterer data i sanntid ved hjelp av eit program frå Optimar.

Optimar leverer også ei dobbel sokalla Stun&Bleed-linje og Optimar Commander-systemet til båten.

Les også: Traff godt med oppdrettsatsing

Forhandlar om fleire bløggebåtar

Styret ikkje nøgd med Optimar-resultatet

Høyt Podium-podcast: Meiner fiskerinæringa kan lære av feila i offshorebransjen


Det er jo veldig gledeleg at det framleis er mogleg å bygge ein heil båt berre med norske underleverandørar

Publisert: 04.01.2021 08:36

Sist oppdatert: 06.01.2022 15:57