Nytt
Bygger saman Lepsøybrua i dag
Det siste stålelementet ved brua på Nordøyvegen blir etter planen heisa på plass torsdag.
Marius Rosbach
24.09.2020
Det siste av sju stålelement som utgjer overbygninga på Lepsøybrua på Nordøyvegen blir etter planen løfta på plass torsdag ettermiddag.
Truleg skjer løftet etter klokka 15, men om det blir for mykje vind eller bølgjene blir for høge blir løftet utsett, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei melding.
Kvart stålelement er 114-118 meter langt og veg mellom 560 og 700 tonn. Lepsøybrua blir stålbrua med det lengste spennet i Noreg, på 155 meter.
NETT NO har omtala tidlegare korleis stålseksjonane blir løfta på plass av kranskipet HLV Uglen, som skal vere den største flytekrana i Noreg. Krana har ein løftekapasitet på 800 tonn.
Det er mogleg å følgje bygginga påfrå Statens vegvesen (ekstern lenke)
Prosjektleiar Marianne Nærø i sommar at bygginga var i rute og i tråd med kostnadsberekningane. På det tidspunktet var dei om lag halvvegs i det store prosjektet.
– Vi bygger til saman tre undersjøiske tunnelar og no er vi komne halvvegs i tunneldrivinga, fortalde ho.
Truleg skjer løftet etter klokka 15, men om det blir for mykje vind eller bølgjene blir for høge blir løftet utsett, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei melding.
Lengste spenn på stålbru i Norge
Lepsøybrua blir 800 meter lang og bygd i betong og stål. Dei sju stålelementa utgjer overbygninga på brua.Kvart stålelement er 114-118 meter langt og veg mellom 560 og 700 tonn. Lepsøybrua blir stålbrua med det lengste spennet i Noreg, på 155 meter.
NETT NO har omtala tidlegare korleis stålseksjonane blir løfta på plass av kranskipet HLV Uglen, som skal vere den største flytekrana i Noreg. Krana har ein løftekapasitet på 800 tonn.
Det er mogleg å følgje bygginga påfrå Statens vegvesen (ekstern lenke)
Arbeidet har gått som planlagt
Samferdsleprosjektet skal gi veg for kring 2700 innbyggjarar på Nordøyane, over til Ålesund og fastlandet. Prisen for bygginga er på 4,9 milliardar og vegen skal etter planen takast i bruk sommaren 2022.Prosjektleiar Marianne Nærø i sommar at bygginga var i rute og i tråd med kostnadsberekningane. På det tidspunktet var dei om lag halvvegs i det store prosjektet.
– Vi bygger til saman tre undersjøiske tunnelar og no er vi komne halvvegs i tunneldrivinga, fortalde ho.
Publisert: 24.09.2020 08:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03