Skips ny 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf
CANADA: Frystrålaren blir 79 meter lang og skal laste 800 tonn reker eller 1.200 tonn piggvar. Skisse: Skipsteknisk
Nytt

Byggeverft klart for Skipsteknisk-båt

Teikna for canadisk selskap, blir bygd i Spania.

12.10.2023

Kontrakten mellom skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund og Qikiqtaaluk Fisheries Corporation i Iqaluit på Baffin Island i Canada blei offentleggjort i november 2021, men val av byggeverft har drege ut i tid.

No melder Skipsteknisk at Freire Shipyard i Vigo i Spania skal bygge den 79 meter lange og 17 meter breie frysetrålaren.

Les pressemelding her

Den skal fiske reke og piggvar og vil ha eit mannskap på mellom 28 og 30 personar.

Publisert: 12.10.2023 16:45

Sist oppdatert: 12.10.2023 16:46