Nytt
Byggeverft klart for Skipsteknisk-båt
Teikna for canadisk selskap, blir bygd i Spania.
12.10.2023
Kontrakten mellom skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund og Qikiqtaaluk Fisheries Corporation i Iqaluit på Baffin Island i Canada blei offentleggjort i november 2021, men val av byggeverft har drege ut i tid.
No melder Skipsteknisk at Freire Shipyard i Vigo i Spania skal bygge den 79 meter lange og 17 meter breie frysetrålaren.
Den skal fiske reke og piggvar og vil ha eit mannskap på mellom 28 og 30 personar.
Publisert: 12.10.2023 16:45
Sist oppdatert: 12.10.2023 16:46