Byggfirma i vekst ferdig med nytt hotell
OPNAR I HELGA: Sjølvsagt er det stas for eit lokalt firma å sette opp eit av dei viktigaste bygga i ei bygd. Når arbeidsstokken og økonomien peikar oppover, er det ikkje rart dagleg leiar Heming Erling Drage (innfelt) gler seg til å vise fram innsida av nye Stad Hotell. Bilde er teke tidlegare i haust.
Nytt

Byggfirma i vekst ferdig med nytt hotell

På få år har Dragebygg vakse frå 22 til 36 årsverk mykje takka vere innflyttarar. I helga fekk folk på Stad sjå bygdas nye storstove frå innsida.

Marius Rosbach
22.11.2019
Laurdag opnar det som blir den nye møtestaden på Leikanger i Selje. Nye Stad Hotell vil samla ha 32 rom i den restaurerte Furebuda og nye Hoddevikbuda ved sidan av. I tillegg er det fest- og møtesal, restaurant og pub.
Laurdag er det sjølvsagt planlagt opningsfest og omvising i anledninga.
– Det er både stas og heilt spesielt å få vere med på det som truleg er eitt av dei viktigaste bygga i bygda vår. Dei som har vore her av leverandørar og sett ute og inne er imponert, og no gler vi oss veldig til å vise fram hotellet på innsida til alle, seier dagleg leiar Heming Erling Drage i Dragebygg til NETT NO.

Største enkeltprosjekt

Ervik Havfiske-konsernet er byggherre og har investert kring 80 millionar kroner i fleire byggesteg. Stig Ervik som leiar fiskerikonsernet, meiner Dragebygg «har gjort ein kjempejobb» og fortel til NETT NO at dei er svært nøgd med resultatet.

Einaste kravet var at hotellet skulle stå klart til reiarlaget fekk to nye båtar, slik at dei kunne ha dåpsfeiring ved hotellet. Det har dei klart med god margin - og 14. desember blir det dåpsfest.
– Dette har vore det største enkeltbygget vi har hatt på så kort tid, og det har vore kjekt å bli vist så stor tillit i arbeidet, seier Drage.

Les meir:



Auke i tilsette og omsetning

Både i omsetning og tilsette har Leikanger-bedrifta vekse stort dei fem-seks siste åra.
Frå 22 årsverk i 2013, er dei no oppe i 35-36 – ei vekst på meir enn 60 prosent.
Veksten viser seg også i rekneskapen. Frå 2013 til 2018 auka omsetninga frå 39 til 54 millionar - nær 40 prosent. I fjor blei det eit lite underskott, men samla overskott er på kring seks millionar dei same åra.

Ny tilflytting til Stad

Drage seier dei kunne ha vekse meir om dei hadde hatt tilgang på meir arbeidskraft.

– Det er alltid ei utfordring, men vi tek ting litt etter litt, seier han.
Han gler seg i staden over at det er ny optimisme i lokalmiljøet, og at mange av dei tilsette er unge tilflyttarar.
– På Stad har vi mellom anna hatt ein tilvekst med eit surfemiljø med tilflyttarar som er i rett alder og har bra kompetanse. Også har vi løyst ekstra behov ved å leige inn eksterne firma, fortel han.

Bustadprosjekt ved Måløy

Dragebygg har nokre faste partnarar dei som dei utviklar prosjekt saman med frå A til Å. Toyota Nordfjord og Førde er mellom dei.
Eit anlegg for bilselskapet i Førde i 2017 og nybygget til Toyota på Stryn har vore mellom dei større jobbane dei siste åra.
– Dei er ein viktig kunde for oss, og vi har også prosjekt saman på gang ved Deknepollen i Vågsøy, fortel Drage.
Gjennom selskapet Solvang Boligpark er det planlagt tre blokker og salet av dei 11 første bustadene er allereie i gong. Her er Dragebygg og Toyota Nordfjord og Førde medeigarar, og sistnemnte byggherre.

Les også:


Selje:


 Det er både stas og heilt spesielt å få vere med på det som truleg er eitt av dei viktigaste bygga i bygda vår

Publisert: 22.11.2019 10:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45