Byggjelysta blomstrar att hos boendene
BEDRE TIDER: Nedturen i 2014 vart kortvarig. Vindus og dørprodusenten Brødrene Dale er tilbake i pluss.
Nytt

Byggjelysta blomstrar att hos bøndene

Etter nedturen i 2014 er byggjelysta tilbake hos bøndene. Det er bra for Brødrene Dale.

13.07.2016
Striden rundt jordbruksoppgjeret i 2014 - som vart avgjort i Stortinget - fekk bøndene til å sette investeringar på vent. No er situasjonen attende til normalen, og for vindus- og dørprodusenten i Dalsfjorden i Volda betyr det overskot og fleire tilsette.
Etter nedturen i 2014 vart to ledige stillingar ikkje erstatta, og talet på tilsette krympa til ni. No er dei blitt ti, etter at driftsinntekten auka med fire millionar kroner i fjor (sjå tabell). Det er mykje for ei bedrift på Brødrene Dale sin storleik.

Rask opptur

Rundt 60 prosent av produksjonen i Dalsfjorden er vindu og dører til landbruksbygningar. Difor er byggjelysta hos bøndene viktig for bedrifta.
Lasse Dale, dagleg leiar og største eigar i bedrifta, seier marknad for landbruksbygg byrja å ta seg opp allereie ut på hausten i 2014 og i fjor sommar spådde han at 2015 ville løfte seg opp til 2013-nivå.
Det fekk han rett i. 2016 venter han blir omlag som 2015, i alle fall når det gjeld driftsinntektene.
- Det ser bra ut, seier Dale.

Fabrikk og butikk

Lasse Dale er tredje generasjon eigar i Brødrene Dale. Han eig 70 prosent av aksjane i driftselskapet gjennom sitt heileigde selskap Bjørnenakk.
Resten av aksjane - 30 prosent - er eigd av Yngve Dale Holding, som har broren Yngve Dale som eigar.
Yngve Dale driv vindus- og dørforhandlaren Dale Vindu & Interiør i Ørsta, som mellom anna forhandlar dører og vindu som Brødrene Dale produserer for bustadmarknaden. I butikkselskapet er eigarskapet motsett av i fabrikken. Yngve Dale Holding eig 70 prosent, Bjørnenakk 30 prosent.

Publisert: 13.07.2016 11:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58