Nytt
Byggjer småbåtanlegg i Asker
Strategisk viktig kontrakt, meiner Marina Solutions.
09.09.2020
Marina Solutions i Ørsta skal levere eit småbåtanlegg til 15 millionar kroner Vollen Marina i Asker. Anlegget skal overleverast i første kvartal neste år og avtalen er "av stor strategisk betydning for vår satsning på Østlandet", skriv Marina Solutions i ei pressemelding.
Anlegget er ei utviding av eksisterande anlegg og skal plasserast utanfor anlegget som ligg der i dag. I tillegg til å gir fleire båtplassar har den flytande betongkonstruksjonen kjellar med toalettt, dusjrom, lager, tekniske rom og vaske- og tørkerom. På dekket av betongkonstruksjonen skal det stå eit bygg som rommar kontor og handikap-toalett.
Betongkonstruksjonane er støypt hos Ulstein Betong Marine og Etne Betong.
- Det var eit veldig aktivt år, sa dagleg leiar og medeigar Torgeir Iversen (innfelt i bildet) om 2019-resultatet til NETT NO i august.
Iversen varsla og at 2020 blir enda betre.
Anlegget er ei utviding av eksisterande anlegg og skal plasserast utanfor anlegget som ligg der i dag. I tillegg til å gir fleire båtplassar har den flytande betongkonstruksjonen kjellar med toalettt, dusjrom, lager, tekniske rom og vaske- og tørkerom. På dekket av betongkonstruksjonen skal det stå eit bygg som rommar kontor og handikap-toalett.
Betongkonstruksjonane er støypt hos Ulstein Betong Marine og Etne Betong.
Vekst
Etter fire år med vekst stabiliserte inntektene seg for Marina Solutions seg på omlag 80 millionar kroner i året frå 2014, men i fjor fekk selskapet fart på veksten igjen.- Det var eit veldig aktivt år, sa dagleg leiar og medeigar Torgeir Iversen (innfelt i bildet) om 2019-resultatet til NETT NO i august.
Iversen varsla og at 2020 blir enda betre.
Publisert: 09.09.2020 14:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02