Byggjer to til hos Tersan
ALT I TYRKIA: Dino Steinkamp i tyske Der Touristik på besøke hos Per Sævik og  Havila Kystruten under lanseringsarrangementet for Kystruten i august i 2019. Per Sævik i Havila-konsernet var vert for Steinkamp og representantar for 38 andre internasjonale reiselivsselskap, som besøkte Havila-hovudkontoret for å få ein presentasjon av Havila Kystruten. Etterpå dukka problema med bygginga av skipa opp. No er det bestemt at all bygging skjer i Tyrkia.
Nytt

Byggjer to til hos Tersan

Havila Kystruten skal byggje alle sine fire kystruteskip i Tyrkia.

13.02.2020

Opphavleg skulle to av Havila Kystrutens nye skip byggast i Spania og to hos Tersan Shipyard i Tyrkia. No får Tersan Shipyard jobben med å bygge dei to som spanske Barreras skulle bygge.

- Vi får ferdige to nye skip som skal gå frå januar 2021, seier administrerande direktør Arild Myrvoll i ei pressemelding.

Ei flytting av bygginga av dei to siste skipa frå Spania til Tyrkia har vore vente, og i dag offentleg Havila Kystruta at avgjerda er teken.

nettnohalf

Les også: Er lei Spania-problem - har klar tyrkisk løysing

Levering i slutten av 2021
Byggestart i Tyrkia for dei to skipa som skulle byggast i Spania er i løpet av få veker og planlagt levering er i slutten av 2021, i følgje meldinga.

Myrvoll seier foredelen med Tersan er at verftet kjenner prosjekt og ar alt av underlagsmateriell og erfaring med dei to første skipa, i tillegg til å ha kapasitet til å starte raskt.

- Det vi ser på Tersan når det gjeld bygging av dei to første skipa ser veldig bra ut. Dei held framdriftsplanen og kvaliteten på arbeidet er godt, seier Myrvoll i meldinga.

Må leige erstatningsskip
At Barreras ikkje kunne levere i tide gjer at Havila Kystruten må leige inn erstatningsskip for å kunne oppfylle kontrakten med staten om å segle Bergen-Kirkenes tur retur med fire skip frå starten av 2021.

Havila Kystruten har fleire konkrete kandidatar til erstatningsfartøy som dei har inspisert, og rederiet er i pågåande kommersielle samtalar med aktørar, skriv selskapet i pressemeldinga.

- Vi ventar at ei avklaring kjem om ikkje så lenge, men vi vil bruke den tid som er nødvendig, for å sikre at vi kan levere dei beste løysingane til både dei reisande og mannskapet, seier Myrvoll i meldinga.

Kan ende i retten
Barreras kansellert i fjor haust kontrakten med Havila Kystruten og partane møtest i retten i London.

Havila Kystruten-direktør Arild Myrvoll stadfesta i november i fjor til NETT NO at selskapet har mottatt det han meiner er ei urettmessig kansellering på kontrakten om bygginga av dei to skipa ved konkurstruga Hijos de Barreras i spanske Vigo.

Les også: - Barreras har brukt våre pengar på andre prosjekt

- Vi ser på dette som eit grep som Barreras gjer for å posisjonere seg i forkant av ei eventuell likvidering av verftet, sa Myrvoll.

Totalt har dei to kontraktane frå Havila Kystruten ein samla verdi på over 200 millionar euro, men arbeidet ved Barreras stoppa opp i august i fjor etter at verftet kom i akutte økonomiske problem.

350-400 millionar kroner
Havila Kystruten skriv i meldinga i at trass i den uavklarte situasjonen med det spanske verftet Barreras har Havila Kystruten kapital og lånetilsagn som gjer at alle dei fire skipa på Tersan er fullfinansierte.

Myrvoll seier til NETT NO at Havila Kystruten kjem til å kreve tilbake det selskapet har betalt i forskot til Barreras, og anslår beløpet til 350-400 millionar kroner. Kravet skal først opp i britisk rett og Myrvoll seier selskapet er budd på ein langvarig prosess.


Publisert: 13.02.2020 13:44

Sist oppdatert: 06.07.2022 13:19