John Olav Lefdal privat
INVESTOR: John Olav Lefdal driv drikkevaredistribusjon, er eigedom- og reiselivsinvestor og framfor alt båtentusiast. Foto: Privat
Nytt

Båtentusiast i pluss

Båt er John Olav Lefdals store lidenskap, og i fjor vart det og rekordresultat.

24.07.2021

Underskot har vore regelen snarare enn unntaket i Dreamline Yacht. Selskapet sel Riva - italiensk lystbåtar i øvre prisklasse - og er eigd av John Olav Lefdals selskap Lefdal Invest.

- Eg har ikkje blitt så veldig rik på å selje båtar, men eg har blitt utruleg rik på opplevingar, sa Lefdal i eit intervju i NETT NO- magasinet hausten 2020. (Klikk på lenka for å lese magasinet).

Sidan starten i 2011 har reknskapen vist plussresultat berre to gongar før, inntil i fjor. 2020-tala er soleklar rekord, av 11,4 millionar kroner i driftsinntekter sat selsakpet att med 5,3 millionar kroner i resultat før skatt.

Krympa Nor Drikk
Hovudselskapet under Lefdal Invest-paraplyen er framleis drikkevaredistributøren Nor Drikk, med base på Nordfjordeid.

I fjor krympa både driftsinntekter og resultat for Nor Drikk (sjå tabell).

Cruisekai og eigedom
Lefdal var sentral i å få Nordfjordeid etablert som cruisehamn, og er medeigar i Seawalk Nordfjord, som eig den foldbare flytekaia som cruiseskipa skal legge til ved.

Koronakrisa gjorde at cruisesatsinga på Nordfjordeid blei sett på vent etter berre eitt år, men infrastrukturen er på plass for ei gjenopning straks er på plass når marknaden tek seg opp att,

På Nordfjordeid er han også eigedomsinvestor og sit mellom anne med 8000 kvadratmeter sentrumsnære tomter på Nordfjordeid.

Dreamline Yachts as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt11,421,3
Driftsresultat5,4-2,0
Resultat før skatt5,3-1,7
Nor Drikk as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt25,437,4
Driftsresultat2,67,9
Resultat før skatt1,67,5

Publisert: 24.07.2021 06:00

Sist oppdatert: 24.07.2021 06:08

Mer om