Baerboendene satsar paa telt
TELT: Bringebærtelt i Innvik. Innvik Fruktlager er blitt det største bringebærmottaket i landet.
Nytt

Bærbøndene satsar på telt

Bærbøndene i Nordfjord reiser telt over bringebæra for å få opp lønsemda.

19.06.2017
Bærbusker under telt gi betre avlingar. Det er bakgrunnen for at bringebærprodusentane i Nordfjord reiser telt over ein stadig større del av bærbuskene. Målet er å få fleire bær som kan seljast i konsummarknaden, der prisen er høgare enn for industrikvalitet.
Innvik Fruktlager, som har 75 leverandørar frå Stryn, Gloppen og Nordfjord, har opplevd ein boom i bringebærdyrkinga dei siste åra, nok som har vore med på å løfte driftsinntektene frå knappe 30 til over 40 millionar kroner på tre år (sjå tabell).

Bær flatar ut

No er veksten i bærproduksjonen i ferd med å flate ut, i følgje dagleg leiar Henriette Ansok Hatling.
Til gjengjeld er eple- og plommeproduksjonen i stor vekst. Sal av plomme- og epletre er ein av grunnane til av fruktlageret auka driftsinntektene i år. Bøndene har planta fleire tre dei to-tre siste åra, noko som vil slå ut i større produksjon frå neste år og framover.
Ansok Hatling anslo i fjor at produksjonen av epler og plommer vil doble seg i løpet av fem år. Veksten ser ikkje ut til å slutte, for også for 2018 og 2019 er det bestilt fleire eple- og plommetre for utplanting.
Det tek to-tre år frå trea blir planta til dei ber frukt.

Overgang til frukt og bær

Ansok Hatling seier produsentane aukar produksjonskapasiteten ved å plante bærbuskar og frukttre på mark som hittil har blitt brukt til grasproduksjon.
Fleirtalet av leverandørane til Innvik Fruktlager driv frukt og bærproduksjon i tillegg til anna verksemd.
Innvik Fruktlager auka driftsinntektene frå 37,7 millionar kroner i 2015 til 45,5 millionar kroner i 2016. Fire millionar kroner av veksten skuldast ei omlegging av reknskapsprinsippa. Justert for effekten av omlegging av reknskapsprinsipp hadde Innvik Fruktlager ein vekst på 10 prosent i fjor.

Publisert: 19.06.2017 16:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11