Baerekraftig soeskenflokk paa Vartdal
NY LASTEBIL: Jan Endre Vartdal (t.v.) fortel ivrig om den første lastebilen med ny design på sidene, som viser at den køyrer med 100 prosent resirkulert isopor om bord. 
Nytt

Bærekraftig søskenflokk på Vartdal

Det som først såg ut som ei eksistensiell krise, kan snart ha løyst råvaretilgangen for Vartdal Plast. 

Marius Rosbach
02.01.2021

Det siste året har mange kjent på korleis det er å møte ei krise som ein tenkjer kan vere starten på slutten.

Slik kjende søskenflokken Sindre, Jan Endre og Ingvild Vartdal i familiebedrifta Vartdal Plast det for nokre år sidan. Media var fylt av saker om det aukande plastproblemet - som deira bedrift var ein del av.

Produkta i ekspanderbar polystyren (EPS) – også kalla isopor – blei vist til som døme på miljøforsøplinga. Forbod i ulike variantar var mellom forslaga til løysing.

– No er vi kome dit at vi verkeleg ser moglegheitene for korleis vi kan utnytte det som for eit par år sidan var ei mørk natt, seier dagleg leiar Jan Endre i Vartdal Plast.

  • Dette er ein artikkel frå NETT NO-magasinet 2020 (les heile magasinet her) som ein smakebit for ikkje-abonnentar. Del den gjerne med dei du trur har glede og nytte av å lese oss.

Gjer business på «avfallet»
«Om ein tek fram kalkulatoren først, får ein ikkje gjort noko», var kommentaren til Vartdal Plast-sjefen i eit tidlegare intervju med NETT NO.

nettnohalf

Det kan truleg forklare reisa familiebedrifta har vore med på dei siste åra. No er innsamling av EPS sett sett i system frå Trøndelag til Bergen.

Lastebilane deira tek med brukt isopor til den nye resirkuleringsfabrikken » på Liadal. Erfaringane etter eit halvt års drift av anlegget er svært gode.

– Vi trur heilt klart at innan 2025, så kan vi ha all produksjonen basert på resirkulert plast, er Jan Endre sin konklusjon etter at han entusiastisk har fortalt om nye metodar for å lage plastemballasje – utan tilførsel av fossil olje.

Snart 60 år i bransjen
Det har kosta nokre sømnlause netter å kome til den konklusjonen.

Familiebedrifta som søskena eig ein tredel kvar av, blei starta av farfaren Jan i 1961. Fire år seinare var Vartdal Plastindustri først i verda til å ta i bruk EPS-kasser som emballasje til fisk.

I dag er selskapet eit konsern med fleire hundre millionar i omsetning årleg. Oppkjøp dei siste åra gjer at dei har fire eigne fabrikkar, og er deleigarar i fire til.

Fiskekasser, byggisolasjon og anna emballasje blir selt til heile landet. Allereie under oppveksten fekk søskena oppleve kva det betydde å vere i ei familiebedrift.

Dei snakkar lattermildt om korleis dei blei sett i arbeid om dei skulle vere så «uheldig» å vere heime då faren, Håvard, kom heim i lunsjen.

Faren er framleis svært oppteken av drifta og er dagleg på plass i ein alder av 75 år.

Storesyster, advokat og styreleiar
Rollene søskena i mellom har vore klare opp gjennom oppvekst og forretningssamarbeidet.

nettnohalf

– Ingvild er absolutt storesyster, og like irriterande som dei fleste, seier Jan Endre – til latter frå dei andre to. Med ei juristutdanna storesyster som styreleiar, kan dei også stole på at ting er på stell.

– Ho jobbar nok annleis enn oss to karane, med meir struktur og system. Vi kastar oss meir rundt utan at alt er på plass, seier Jan Endre.

Ingvild er dagleg leiar i advokatfirmaet Adviso i Ålesund. Ho meiner oppveksten og erfaringa frå familiebedrifta, gir fordelar i jobben.

– Eg har fått veldig stor respekt for det verdiskapande arbeidet som mange av våre klientar held på med. Å ha slik innsikt er ein god ballast å ha med seg.

– Ein genial modell
Trioen har ulike styrker og interesser. Storesyster og styreleiar er nemnt. Dei to «gutane» som er tre og ni år yngre enn søstera, utfyller kvarandre i den daglege drifta.

Jan Endre er den som ofte banar veg, så kjem fabrikksjef Sindre og får ting til å fungere.

– Eg likar å sjå moglegheitene og pløye litt veg. Så kjem maskineriet til Sindre bak som sørger for at drifta går slik den skal, og foredlar det vi har kome fram til. Det er eigentleg ein genial modell etter mi meining og har nok vore avgjerande for at vi har klart oss som vi har gjort, seier Jan Endre.

Viljen til nyskaping viser igjen i fabrikklokala. Oppunder taket går kvite kasser på «metallbaner» og ein robot merkar kassene. Ei automatisert losseløysing fyller lastebilane på ein tidel av tida det tek for ein tilsett med gaffeltruck.

Hadde aldri ein plan
Ingvild meiner søskena har vore heldige som har fått dyrke det dei er best på. Då dei var ynge var det aldri ein plan for kven som skulle overta, men alle tre jobba i bedrifta.

nettnohalf

– At eg var jente var ikkje noko tema. Vi blei likt behandla både når det gjaldt det å få vere her, og åtte vere her, seier ho.

– Det har på eit vis berre blitt slik at interessefelta våre har sett oss i rollene våre, seier Jan Endre.

Familiane reiser gjerne på ferie saman og har ikkje reglar om at det ikkje er lov å snakke forretningar ved middagsbordet.

– Eg synst eigentleg vi er kjempeflinke og jobbar bra saman. Sjølv om det i løpet av desse 25 åra har vore nokre familiemiddagar, der det kunne vore mindre jobbprat, konkluderer Sindre.

– Ansvaret kan vere tøft å bere
Sjølv om søskena på mange vis står fram som optimistar, legg ikkje Jan Endre skjul på at dei kan ta utfordringane innover seg.

nettnohalf

– At bedrifta skal klare å kome seg gjennom alle dei utfordringar ein møter på vegen, er ikkje sjølvsagt. Det ansvaret kan vere tøft å bere, legg han til.

Då snakkar han om at dei er ei stor bedrift på fleire små plassar. Om ting går heilt galt, går det utover heile lokalsamfunn. Om eit problem oppstår ein fredag ettermiddag, har dei ikkje for vane å la det ligge til måndag før det blir teke tak i.

Frykta koronastopp
Kort tid etter at koronapandemien slo til og samfunnet blei stengt ned, var søskena samla til styremøte. Smittevernrutinar blei gjennomgripande for heile drifta.

– Den største utfordringa i starten var å vere leverandør av matvareemballasje, samtidig som ingen hadde eit fasitsvar på korleis ting skulle gjerast. Det gjekk likevel fantastisk bra, fortel Sindre.

Det vart rutinar for korleis folk skulle jobbe på fabrikken og sjåførar inne til lossing, fekk ikkje lov til å forlate lastebilen på anlegget.

– Den største frykta var at vi skulle kome i ein situasjon der vi ikkje kunne levere. Eg såg føre meg overskrifta «Vartdal Plast kan ikkje levere emballasje», eller noko slikt, seier han og ler.

– Kan vere langsiktige
Ein kik på resultata dei siste åra viser at det er liten grunn til uro, og 2019 var året då «alt klaffa».

nettnohalf

Styreleiar Ingvild påpeiker at familieeigarskapen også gjer at det ikkje er den siste kvartalsrapporten som legg føringane.

– Vi kan vere langsiktige på ein heilt anna måte enn mange andre. Vi skal ikkje rapportere til nokre andre enn oss sjølv. Då kan vi tenke at «dette er det verdt», fordi vi ser ein gevinst der framme, seier ho.

Det gjer det enklare å involvere seg i heilt andre ting. Rundt om i lokalsamfunnet støttar dei handball, fotball, friidrett, alpint og meir til. Som Fugl Føniks-restauranten i Ørsta sentrum og idretts- og kultursal i Vartdal-bygda.

Dei tre søskena, Jan Endre, Sindre og Ingvild, eig ein tredjepart kvar i Vartdal Holding. Størstedelen av inntektene i konsernet kjem frå Vartdal Plast.

Dei lagar mellom anna transportkasser for fisk, emballasjemateriale og byggisolasjon i ekspanderbar polystyren, også kalla isopor.

Utviklar nye byggprodukt
Framover ser dei på moglegheiter til å skape større marknader med byggprodukt. Ved å sjå på eigenskapane til plasten, trur dei det er mogleg å lage meir energieffektive løysingar.

– Eg er sikker på at det blir viktig å ha «grøne» løysingar, som er tilpassa krava til framtidas kundar. Kva venter ein 18-åring i dag av hus og isolasjonsløy ingar når han skal bygge hus om nokre år? Og kva meiner kjøparane av fersk fisk om emballasjen, spør han.

Forbrukarane vil få meir makt på slike område, trur han – og peiker på at det allereie er ein realitet via sosiale media.

nettnohalf

– Å forby plast er ikkje løysinga, og gir berre andre utfordringar. Industrien er nøydd til å ta ansvar. Alle vil sikkert ikkje gjere det, men det vil berre gi fleire moglegheiter for dei bedriftene som gjer det.

Les også: – Ei ny epoke i Vartdal Plast si historie

Brukt byggisolasjon og isopor blir nye arbeidsplassar

Historisk godt år for Vartdal Plast

Høyr podcasten Podium med Jan Endre Vartdal og Øyvind Tørlen

Fleire artiklar frå NETT NO-magasinet:

Startar investeringsselskap i Måløy

Eit todelt næringsliv i koronaåret

Nær 100 milliardar i nye Ålesund

Nye tider i familiebedrifta Flakk

Bøker og business

Optimistane tok ikkje koronapause

Heime på bortebane

Arveleg belasta hotellvert

Det handlar om å bygge ei øy

Industrigjenreisaren i Sykkylven

Bærmisjonæren på Moa

Frontfiguren på Stad

Hofseth er sterk i trua

Løftet jordbærplukkerne frem i lyset

Fyrverkeriet som skal fronte Pir


Vi skal ikkje rapportere til nokre andre enn oss sjølv. Då kan vi tenke at «dette er det verdt», fordi vi ser ein gevinst der framme 

Publisert: 02.01.2021 05:55

Sist oppdatert: 17.09.2021 09:35