Børsdagen: Prøver å gjere seg meir attraktive i USA
Blytung børsdag for mange selskap i nordvest. Eitt selskap satsar på å nå fleire amerikanske investorar.
I dag vart Golden Energy Offshore-aksjen opna for handel på marknadsplassen OTCQB (over the counter) i New York.
Denne marknadsplassen er mest for oppstartsselskap eller selskap under tidleg utvikling, og her vert både amerikanske og utanlandske selskap handla.
Golden Energy Offshore Services har fleire store amerikanske aksjonærar. Aller størst er State Street Bank and Trust Company frå Boston, Massachusetts, som sit på 22,9 prosent av aksjane.
Stor aktør er også den New York-baserte investeringsbanken Brown Brothers Harriman, som har 16,1 prosent av aksjane i det Ålesund-baserte selskapet som vart børsnotert i Norge 5. april 2018.
Fire skip
Selskapet hadde då berre to skip, no er flåten dobla, og består av fleirbruksskipa Energy Duchess og Energy Empress, i tillegg til PSV-ane Energy Swan og Energy Scout.
Med unntak av Energy Scout, er dei tre andre skipa i arbeid.
I ei børsmelding opplyser selskapet at ein ved å verte notert på OTCQB håper å nå ei større gruppe investorar, spesielt i USA.
Stup i offshore
Adm. dir. Per Ivar Fagervoll seier at selskapet har sterkt fotfeste I USA, både gjennom investorar og partnerar.
- Vi opplever stadig stor interesse frå amerikanske investorar, og ser fram til å utvide rekkevidda og tilgangen OTCQB gir for investorane i regionen.
Nyheita førde ikkje til kursoppgang på Oslo Børs. Aksjekursen fall 4,4 prosent, til 1,295 kroner. Heile selskapet er dermed prisa til 70 millionar kroner, som trass alt er ein oppgang på 69 prosent på tre månader.
Trass kursfallet for Ålesund-selskapet, var det andre offshoreselskap som fall mykje meir måndag. Mest fall Solstad Offshore og Siem Offshore, begge med 11,3 prosent, medan Havila Shipping fall 7,1 prosent.
Oljeprisen gjekk samstundes ned 5,4 prosent. Ved børsslutt vart eitt fat Nordsjøolje handla til 100,87 dollar.
Store lokale kursfall
Med unntak av Nortel (pluss 0,5 prosent), fall alle selskap med base på Nordvestlandet måndag.
Atlantic Sapphire fall 6,0 prosent, Arctic Bioscience 5,8 prosent, Hexagon Composites 5,7 prosent og Smartcraft 4,9 prosent.
Betre gjekk det for Havila Kystruten, trass eit fall på 1,5 prosent. Selskapets skip Havila Castor nærmar seg no Sicilia på veg til spanske Cartagena for å fylle LNG, før siste etappe til Bergen der jomfruturen etter planen skal starte 10. mai.
Totalt fall Oslo Børs 2,99 prosentpoeng måndag, til 1.226,11 poeng. Fallet er det nest største på ein enkeltdag så langt i år. Analytikarar peikar på fallande oljeprisar, koronaoppblomstring i Kina, uro på børsane i verda og høg inflasjon på grunn av varemangel etter pandemien og krigen i Ukraina.
Publisert: 25.04.2022 16:15
Sist oppdatert: 25.04.2022 17:13