Oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
NEDTUR: Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,93 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Sommartid

Tre aksjar frå Nordvestlandet utan endring i dag.

01.08.2022

Når iveren etter å handle aksjar er så laber at kursen ikkje endrar seg er det gjerne eit teikn på mangel på impulsar eller mangel på interesse. Eventuelt begge deler.

I dag stod kursen stille for selskap som sidan i fjor har hatt ei kraftig verdistiging og samstudes svinga mykje opp og ned frå dag til dag, Havila Shipping (opp 410 prosent siste 12 månader) og Golden Energy Offshore Services (opp 116 prosent). Kursen i dei to offshorereiarlaga sto på same nivå på slutten av dagen, og det gjorde også kursen i Havila Kystruten.

Dagens vinnar av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet blei Atlantic Sapphire (sjå tabell), som driv landbasert oppdrett ved Miami i Florida, men har sitt formelle hovudkontor på Vestnes.

Aksjekursen i selskapet er ned 45 prosent hittil i år og 75 prosent samanlikan med for 12 månadar sidan, men i dag fekk investorane i selskapet sin fjerde børsdag med opptur

Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,93 prosent i dag, og fleirtalet av børsselskapa på Nordvestlandet hadde kursnedgang.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Atlantic Sapphire 23,08 3,78 %
Nortel 19,1 2,69 %
Sparebanken Møre 74,24 1,84 %
Salmon Evolution 8,93 0,90 %
Hav Group 14,1 0,71 %
Hexagon Purus 27,8 0,14 %
Havila Shipping 15,2 0,00 %
Havila Kystruten 19,75 0,00 %
Golden Energy Offshore Services 1,75 0,00 %
Arctic Bioscience 14,7 -0,34 %
Hofseth Biocare 3,68 -0,54 %
Norva 24* 35,805 -0,54 %
Endúr 23,1 -0,84 %
Hexagon Composites 31,88 -1,06 %
Statt Torsk 2,37 -2,87 %
Havyard Group 3,875 -3,49 %
*Svenske kroner

Publisert: 01.08.2022 17:00

Sist oppdatert: 01.08.2022 19:13