Bilde 2022 08 02 150158786
WYSTRACH: Ny kontrakt til Wystrach, som ligg i tyske Weeze, vest for Dortmund. Foto: Wystrach
Nytt

Børsdagen: Steig etter tysk avtale

Hexagon Purus-aksjen steig 6,19 prosent tysdag.

02.08.2022

Kursauken kom etter at selskapet tysdag melde at ein hadde fått ein kontrakt på rundt 52 millionar kroner på leveranse av distribusjonssystem for hydrogen til eit tysk gass-selskap.

Avtalen er gjort gjennom Hexagon Purus sitt tyske dotterselskap Wystrach.

I børsmeldinga vert det vist til at systemet har vorte standard i Tyskland, og at ei rekke land har på gang ei rekke store hydrogenprosjekt for å redusere dei globale utsleppa av CO2.

Hexagon Purus skal levere hydrogensystema mellom andre og tredje kvartal neste år.

Frisk handel
Totalt vart det omsette Hexagon Purus-aksjar for 6,2 millionar kroner tysdag. Heile selskapet er no prisa til 7,1 milliardar kroner.

Samstundes melder Hexagon Composites at selskapet har fullført avtalen om å kjøpe 40 prosent av austerrikske Cryoshelter, eit selskap som har utvikla tankløysingar for for flytande naturgass og flytande hydrogen.

Hexagon Composites steig 1,82 prosent, også det i frisk handel. Børsverdien er no 7,6 milliardar, men mykje av verdien er knytt til selskapet sin 73,3 prosent store eigarpost i dotterselskapet Hexagon Purus.

Oljeprisen litt opp
Nortel fall på sin side 5,24 prosent, men det var som resultat av ein handel på 1.000 aksjar.

Hovudindeksen var lenge ned, men steig til slutt 0,56 prosent i takt med litt stigande oljepris. Oppgangen skuldast i stor grad Equinor som sterig 1,97 prosent.

Eitt fat nordsjøolje vert rett etter børsslutt handla til 100,9 dollar fatet, opp ein prosent.

Børsdagen i nordvest
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hexagon Purus 29,52 6,19 %
Hexagon Composites 32,46 1,82 %
Endúr 23,5 1,73 %
Havyard Group 3,93 1,42 %
Salmon Evolution 9,04 1,23 %
Statt Torsk 2,39 0,84 %
Havila Shipping 15,3 0,66 %
Sparebanken Møre 74,3 0,08 %
Havila Kystruten 19,75 0,00 %
Hofseth Biocare 3,68 0,00 %
Hav Group 14 -0,71 %
Norva24 Group* 35,51 -0,77 %
Atlantic Sapphire 22,8 -1,21 %
Arctic Bioscience 14,5 -1,36 %
Golden Energy Offshore Services 1,7 -2,86 %
Nortel 18,1 -5,24 %
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen

Publisert: 02.08.2022 15:01

Sist oppdatert: 02.08.2022 16:55

Mer om