Onsdag var Kongberg Gruppen verdsett til 329 milliardar kroner på børsen. Det var siste dag før datterselskapet Kongsberg Maritime vart skilt ut.
Torsdag hadde Kongsberg Maritime sin første dag som eige børsnotert selskap.
Då børsen stengte for dagen var dei to selskapa verdsett til 346 milliardar kroner, 17 milliardar kroner meir enn i går.
Aksjekursen til Kongsberg Maritime steig frå omlag 65 kroner aksjen då børsen opna, og var ei kort tid handla til over 70 kroner aksjen.
Sluttkursen var 64,60 kroner då børsen stengte, som verdset selskapet til 56,8 milliardar kroner.
På førehand hadde analytikarar sett kursmål for Kongsberg Maritime på 75-80 kroner aksjen.
Nær 1200 på Nordvestlandet
Kongsberg Maritime er mellom dei største private arbeidsgivarane på Nordvestlandet. I 2025 omsette selskapet for i overkant av 27 milliardar og hadde eit driftsresultat på over fire milliardar.
På Nordvestlandet har Kongsberg Maritime nær 1200 tilsette. Dei er fordelt med i ovekant av 340 på NMK i Ålesund, kring 370 tilsette i Ulsteinvik, om lag 230 i Brattvåg, 110 tilsette i Hjørungavåg og 80 tilsette på Longva.
Staten størst
Dei som eigde aksjar i Kongsberg Gruppen, fekk ein aksje i Kongsberg Maritime for kvar aksje dei eigde i Kongsberg Gruppen.
Det gjorde at eigarane og eigarandelane deira var heilt lik i dei to selskapa då børshandelen starta torsdag, med staten som eigar av 50,004 prosent i begge selskapa.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoteret selskap på Nordvestlandet etter at børsen stengte i ettermiddag.
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | 3,45 | 0,00 % |
| Atlantic Sapphire | 3,085 | -2,22 % |
| Endúr | 108,00 | -0,74 % |
| Golden Energy Offshore Services | 8,55 | -1,72 % |
| Hav Group | 9,24 | -0,65 % |
| Havila Kystruten | 50,00 | -0,99 % |
| Havila Shipping | 1,18 | -2,08 % |
| Hexagon Composites | 11,22 | 1,72 % |
| Hexagon Purus | 1,15 | 0,35 % |
| Hofseth Biocare | 1,31 | -0,76 % |
| Tinde Sparebank | 116,50 | -0,43 % |
| Salmon Evolution | 4,845 | 1,47 % |
| Sparebanken Møre | 114,56 | -0,38 % |
Publisert: 23.04.2026 08:20
Sist oppdatert: 27.04.2026 16:46






