I august 2023 melde Hexagon Purus at selskapet hadde inngått ein avtale om batteri- og batterisystemleveransar til ein stor amerikanske lastebilprodusent. Anslått storleik på kva inntekter Hexagon Composites kunne få var 150 millionar dollar, omlag 1,6 milliardar kroner.
I dag tidleg kom ei kontramelding. Avtalen er avlyst. No er avtalenpartnaren namngitt - Daimler Truck North America. Det amerikanske selskapet skal kompensere for spesifikke kostnadar Hexagon Purus har hatt, ifølgje meldinga, men dei potensielle inntekten som ikkje blir noko av står det ikkje noko om.
Ut frå aksjekursutviklinga ser det ut til at aksjespekulantane hugsa kva som vart fortalt i august i fjor. I går ettermiddag var aksjekursen til Hexagon Purus 11,36 kroner, nær årets høgaste nivå. Då børshandel opna stupte kursen ned til 9,79 kroner og ramla ned til under ni kroner aksjen 20 minutt etter børsopning. Ved børsslutter kursen 9,37 kroner aksje, ned 17,52prosent sidan i går. Det er berre Atlantic Sapphire-kursen som har falle meir i dag.
Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av energiberar, i tillegg til batterisystem. Hovudkontor-adressa er i Ålesund og Hexagon Composites er største aksjonær. Begge selskapa er børsnotert.
Artikkelen blir oppdatert etter at børshandelen stenger for dagen, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Golden Energy Offshore Services | 26,00 | 8,79 % |
Endúr | 59,30 | 1,19 % |
Romsdal Sparebank | 116,70 | 0,69 % |
Hav Group | 8,84 | 0,45 % |
Norva 24 Group* | 29,30 | 0,34 % |
Salmon Evolution | 6,90 | 0,15 % |
Havila Shipping | 3,62 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | 82,00 | -0,01 % |
Hexagon Composites | 41,10 | -3,97 % |
Hofseth Biocare | 1,58 | -5,11 % |
Havila Kystruten | 0,70 | -6,17 % |
Arctic Bioscience | 13,90 | -6,71 % |
Hexagon Purus | 9,37 | -17,52 % |
Atlantic Sapphire | 0,27 | -19,61 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 04.10.2024 15:13
Sist oppdatert: 04.10.2024 16:59