Børsdagen: Britisk fond over 10 prosent
Optimisme på børsen medan alle ventar på Equinor-tala.
I går vart det kjent at Petter Stordalen-selskapet Strawberry Capital hadde kjøpt seg opp til sjette største aksjonær lakseoppdrettaren Atlantic Sapphire, som satsar stort på lakseproduksjon i Miami.
Måndag var aksjen opp heile 13,14 prosent, til 21,34 kroner aksjen.
I dag vart det kjent at det britiske investeringsfondet Pelham Long/Short Small Cap Master Fund Ltd no eig 10,02 prosent av selskapet, etter å ha deltatt på siste retta emisjon til 20,50 kroner aksjen. Selskapet oversteig dermed grensa for flaggeplikt.
Opp i går - ned i dag
Aksjane er kontrollerte av investeringsforvaltaren Pelham Capital Ltd. Pelham Capital Ltd, som også forvaltar aksjane til eit anna selskap med Atlantic Sapphire-aksjar, slik at denne forvaltaren totalt kontrollerer 11,03 prosent av aksjane i selskapet.
Også i dag var det bra omsetning i aksjen, der det vart handla aksjar for 9,3 millionar kroner, men det var nok fleire som tok gevinst etter den siste kursstigninga ettersom aksjekursen gjekk ned 5,9 prosent til 20.08 kroner aksjen.
Steig på små volum
Fleire selskap frå nordvest hadde fin kursauke tysdag. Mest steig Havila Kystruten, med 12,82 prosent til 19,80 kroner aksjen. Men kursauken kom etter laber handel ettersom det vart handla aksjar for berre 90.000 kroner.
Også Arctic Bioscience steig 6,76 prosent, på lavt volum, medan det var meir omsetning i Golden Energy Offshore Services, som steig 5,77 prosent.
Alle ventar på Eqionor
Hovudindeksen steig 0,65 prosent til 1.210,13 poeng.
Equinor steig heile 4,2 prosent til ein kurs på 357,15 kroner i påvente at selskapet kjem med resultat onsdag.
Fleire analytikarar spår rekordresultat.
Eitt fat nordsjøolje kosta ved børsslutt 106,24 dollar fatet, ein auke på 1,04 prosent.
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havila Kystruten | 19,8 | 12,82 % |
Arctic Bioscience | 15 | 6,76 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,65 | 5,77 % |
Statt Torsk | 2,48 | 1,22 % |
Norva24 Group* | 35,39 | 0,74 % |
Hofseth Biocare | 3,67 | 0,55 % |
Endúr | 23,27 | 0,30 % |
Hav Group | 13,9 | 0,00 % |
Nortel | 18,6 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | 72,5 | -0,03 % |
Salmon Evolution | 8,78 | -0,34 % |
Havyard Group | 4,1 | -1,20 % |
Hexagon Composites | 28,62 | -1,45 % |
Hexagon Purus | 26,62 | -2,06 % |
Havila Shipping | 14,4 | -4,13 % |
Atlantic Sapphire | 20,08 | -5,90 % |
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen |
Publisert: 26.07.2022 16:28
Sist oppdatert: 26.07.2022 20:43