Christer Valderhaug Arctic Bioscience foto Ogne
MÅ VENTE: Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug har ikkje dei første resultata frå ein eitt år lang medisinsk studien klar før om to-tre veker. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Arctic Bioscience-aksjonærane må vente

Kraftig kursfall etter mangel på avklaring om resultat frå medisinsk studie.

01.04.2025

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Tidlegare i vinter varsla Arctic Bioscience at dei første resultata av den eitt år lange medisinske studien av selskapet sitt potensielle legemiddel mot hudsjukdommen psoriasis skulle offentlegjerast innan 1. kvartal i år. 

Før børshandelen opna tysdag varsla selskapet at det trengst meir tid, og at dei no ventar at dei første resultatat først blir offentlege om to-tre veker.

Ein fullstendig rapport om studien skal vere klar i mai i år.

Les børsmelding her (ekstern lenke)

Snudde i løpet av dagen
Meldinga om at dei første resultata frå den medisinske studien ikke er klare enno såg først ikkje ut til å skreme investorane. Ved9.30-tida var kursen 6,80 kroner aksjen, ny rekord for året og opp 11,48 prosent samanlikna med sluttkursen måndag. 

Deretter snudde det. 

Utover dagen fall kursen jamnt og trutt og sluttkursen enda på 5,00 kroner - ned 18 prosent frå dagen føre. 

Skuffande halvårsresuitalt
Halvårsressultata frå den medisinske studien var skuffande for selskapet, fordi mange av forsøkspersonane som berre fekke narremiddel - også viste gode resultat av middelet. 

Det utløyst eit bratt fall på børsen då meldinga kom i fjor haust, der aksjekursen gjekk frå 13 kroner til under to kroner i løpet av får dagar. 

Sidan årsskiftet har aksjen blitt over tre gangar meier verdt, truleg fordi aksjeinvestorarane spekulerer i at resultata etter ein fullstendig studie skal vere betre enn dei som kom etter eit halvt år.

Baserer seg på silderogn
Arctic Bioscience i Hovdebygda i Ørsta starta opphalvleg som ein helsekostprodusent basert på silderogn,  før det byrja å arbeid med å utvikle eit middelt mot hudsjukdoment psoriasis - også det basert på silderogn.

Fleire investorar frå Nordvestlandet er medeigar i selskapet, som vart børsnotert i februar 2021.

Største aksjonær er Hatlebakkfamilien sitt selskap Ronja Capital Investment med 12,7 prosent. Nest størst er Capra Invest (6,09 prosent), som er eigd av 50/50 av styreleiar Harald Nordal og Per Arne Nordal. Møre og Romsdal fylkeskommune eig 5,18 prosent, Vartdal Plast-aksjonærane Sindre, Ingvild og Jan Endre Vartdal eig 4,1 prosent gjennom Vartdal Holding. Jan Endre og Sindre Vartdal eig i tillegg 3,17 prosent av aksjane i Arctic Bioscience gjennom selskapet Brødrene Vartdal.  

På eigarsida og blant dei 15 største aksjonærane er også Remmereitfamilien i Volda, Peder Stette og familien, Frode Håkon Kjølås, Asbjørn Solevågseide og familien og fiskebåtreiarlaga Eros og Strand Fiskeriselskap.

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
* Kurs i SEK  
Arctic Biosciencekr                   5,00 -18,03 %
Atlantic Sapphirekr                   4,32 -0,46 %
Endúrkr                76,40 -1,55 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                17,95 1,99 %
Hav Groupkr                   7,04 -1,95 %
Havila Kystrutenkr                   0,90 1,24 %
Havila Shippingkr                   1,27 -1,40 %
Hexagon Compositeskr                19,66 -3,15 %
Hexagon Puruskr                   1,35 0,90 %
Hofseth Biocarekr                   2,46 0,00 %
Norva 24 Group*36,25 kr  0,14 %
Romsdal Sparebankkr              130,00 0,00 %
Salmon Evolutionkr                   6,13 0,33 %
Sparebanken Mørekr              103,00 0,23 %
   

Publisert: 01.04.2025 08:49

Sist oppdatert: 01.04.2025 16:56

Mer om