Oslo børs
NED: Hovudindeksen på Oslo børs fall 5,01 prosent i dag og har falle over åtte prosent på to dagar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Atlantic Sapphire opp over 50 prosent

Ny dag med kraftig børsfall etter Trump-tollen.

04.04.2025

Medan det meste stupte i verdi, steig verdien av aksjane i det landbaserte oppdrettsselskapet Atlantic Sapphire med over 50 prosent fredag (sjå tabell under). 

Det er vanskeleg å sjå anna forklaring enn at oppgangen er ein spekulasjon i at selskapet er i ein posisjon til å unngå toll på laks inn til USA. 

For resultata så langt, har berre bidratt til å sende kursen nedover.

Atlantic Sapphire driv lakseoppdrett i landanlegg ved Miami i USA. Heile ideen til selskapet var å forsyne den amerikanske marknaden. 

Så snart selskapet greier å finne ei erstatning for sin canadiske laksefôrprodusent vil det ikkje vere berørt av tollmurarane til Donald Trump. 

Då Oslo Børs stengte onsdag ettermiddag denne veka var hovudindeksen på børsen 1518,11. 

Fredag enda den på 1.395,87 - eit fall på 5,01 prosent.

Hovudindeksen og svingingane i den blir brukt som ein målestokk for korleis aksjemarknaden utviklar seg samla sett. 

Så store svingingar som vi har sett etter at Trump varsla at USA vil innføre minst 10 prosent toll på import frå alle, og langt meir frå store handelspartnarer, er uvanleg.

Oljeprisfall
Oljeselskapet Equinor er ned 3,95 prosent. Prisen på eitt fat nordsjøolje er ned over fire prosent, til knappe 66 dollar fatet. Det er den lågaste prisen sidan april 2021. 

Opec, organisasjonen for oljeproduserande land, har varsla at medlemslanda er samde om å auke oljeproduksjonen. Det medverka til oljeprisfallet.

Aker-konsernet er ned over 4,63 prosent og Kongsberg Gruppen 8,21  prosent. Dette er store selskap som utgjer en stor del indeksen. 

Nedgangen er verdsomfattande. Wall Street Journal si oversikt over indeksar for aksjar, rentepapir og råvarerer viser nesten utan unntak negative tal. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Bioscience4,40 -0,45 %
Atlantic Sapphire6,50 52,83 %
Endúr73,20 -3,17 %
Golden Energy Offshore Services16,45 0,30 %
Hav Group6,88 -1,99 %
Havila Kystruten0,90 0,90 %
Havila Shipping1,20 -5,06 %
Hexagon Composites18,10 -6,70 %
Hexagon Purus1,17 -9,05 %
Hofseth Biocare2,27 -3,40 %
Norva 24 Group*36,15-0,14 %
Romsdal Sparebank129,98 -0,02 %
Salmon Evolution5,80 -2,68 %
Sparebanken Møre97,50 -3,35 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 04.04.2025 13:28

Sist oppdatert: 04.04.2025 20:56

Mer om